(Du er ikke pålogget) 
 

Oklafond del 1 - 2023

Søk støtte frå Stad kommune sitt Oklafond.

Kompensasjonsmidlane skal brukast innanfor det geografiske området som pr. 1. august 2022 har postnummer 6750.

Kven kan søke?

  • Lag og foreiningar
  • Stiftelsar
  • Organisasjonar
  • Bedrifter*
  • kommunen*

*For bedrifter og kommunen blir støtta gitt til prosjekt med ålmennyttig formål/arrangement og som fell inn under tilskotsformer som nemnt under. Søkjar må ha eit organisasjonsnummer.

Kva det ikkje kan søkast støtte til

  • Støtte blir berre gjeve som tilskot, og kan ikkje nyttast til sanering av gjeld.
  • Faste driftskostnader.
  • Tiltak som ligg under kommunen sine drift- og sektorsutgifter samt lovpålagde oppgåver.

Krav til søknad

Søknader skal innehalde finansieringsplan med kostnadsoverslag og budsjett, beskriving av formålet og prosjektet samt framdriftsplan. Løyve frå grunneigar må ligge ved søknaden, der dette kan vere relevant. Tiltak som krev søknad etter plan- og bygningsloven, skal vere godkjent av Stad kommune før søknad vert godkjend 

Tilskotsform

Kompensasjonsmidlane kan disponerast til infrastrukturtiltak knytt til , næringsliv, fritidsinteresser, eller sosiale formål av allmenn karakter. Slik som:

  • Avbøtande tiltak 
  • Stadutvikling 
  • Kulturtiltak 
  • Aktivitetstiltak 
  • Friluftsliv - Idrett- og nærmiljøanlegg 
  • Tiltak særleg retta mot born, ungdom og eldre som fremjar trivsel og folkehelse 
  • Prosjekt som skaper stoltheit og identitetsfølelse 
  • Utvikling av eksisterande og etablering av nye møteplassar 
  • Stiar og turløyper 
  • Infrastrukturtiltak knyta til bulyst 

Kompensasjonsmidlane er i hovudsak ein delfinansieringsordning, men ein kan søke om 100% finansiering.

Sum kompensasjonsmidlane for Oklafond del 1 - 2023 er kr. 400.000,- (restsum frå tidlegare mottatte midlar). Ny og større utlysning kjem når kompensasjonsmidlane 2023 blir mottatt i løpet av hausten.

Søknadsfristen er 01.05.23 

Søknadane blir behandla i utval for kultur, idrett, samfunn og næring den 06.06.23. 

For hjelp og veiledning ta kontakt med Arild Vonheim arild.vonheim@stad.kommune.no eller Hanne Marie Utvær hanne.marie.utver@stad.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen