(Du er ikke pålogget) 
 

hoppid.no-fondet for Stranda kommune

OM AVKLARINGSMIDLAR FRÅ HOPPID.NO

1. Generelt om verkemiddelet

Har du ein god forretningsidé? Eller har du starta bedrift og treng hjelp til å kome deg vidare? Ta kontakt med ditt lokale hoppid.no-kontor! Dette er den naturlege plassen å starte for deg som har ein gründer i magen.

Her får du hjelp til å vurdere om forretningsideen din er noko å bygge vidare på, om det er rett for deg å starte bedrift. Du får også hjelp til å kartlegge kva du treng for å realisere draumen din. Gründerar kan søke om inntil 30 000 kr i avklaringsmidlar som støtte for å finne ut som forretningsideen er berekraftig.

Sertifiserte hoppid.no-kontaktar har oversikt over støtteordningar, kompetanse og kan kople deg vidare til andre aktuelle gründerhjelparar i fylket.

Hoppid.no tilbyr opplæring og kurs. Gjennom kursa og andre møteplassar for gründerar, får du høve til å treffe likesinna og bygge nettverk.

Regelverket for bruk av avklaringsmidlane kan du få ved å vende deg til næringssjefen.

Samarbeidspartar
Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylke

Økonomisk ramme og fordeling

Ramma blir fordelt til kommunane etter følgjande kriterium:

  • Grunnbeløp til kvar kommune
  • Ekstratildeling per kommune ved samanslåing av 1.linetenesta
  • Ev. resterande ramme blir prioritert kommunar utanom det distriktspolitiske verkeområdet.

Føremål
Formålet med hoppid.no-ramma er å få gjennomført mindre, men avgjerande aktivitetar for å gi gründeren eit betre vurderingsgrunnlag i høve vidare satsing.
 
Vedtaksmynde
Den som har ansvar/rolle som førstelinetenesta for etablerer-rettleiing for kommunen.

 

2. Tildeling av midlar vert gjort som enkeltvedtak

Målgruppe
Enkeltpersonar med forretningsidear i ein tidleg fase (utviklingsfasen).

Tilskotsgrunnlag
Grunnlag for tilskot er oversikt over utgifter til tiltak som er betalte i pengar i samsvar med førmålet for verkemiddelet.

Storleik
Tilskot opptil
30 000 kr per forretningsidé.

Utbetaling
Tilskotet kan utbetalast i forkant av gjennomføring av tiltaket. Den som har vedtaksmynde avgjer utbetalingstidspunkt.

Rapportering
Dokumenterte utgifter i samsvar med budsjett (grunnlag for tilskotet) og resultat av tiltaket.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen