(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland

Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland

 

Formål

Hordaland fylkeskommune har sett av inntil tre millionar kroner øyremerkt til utbygging av infrastruktur for breiband i område av fylket der det ikkje er kommersielt interessant å bygge ut. Midlane skal nyttast til å tryggje at husstandar, næringsliv og offentleg sektor blir dekte i utbyggingsområda. Prosjekt som søkjer tilskot frå ordninga må følgja regelverket for offentlege innkjøp og unngå konkurransevriding, samt sikre at det blir høve til konkurranse på tenester og innhald.

 

Kven kan søkje

Kommunar i Hordaland.

 

Søknadsfrist

31. januar 2017

 

Kva kan støttast

Hordland fylkeskommune har lagt til grunn fylgjande mål, prinsipp og prosess knytt til utbygginga:

  • Utbygging av breiband til område som ikkje har tilbod om breiband skal prioriterast. Når alle har fått tilbod om breiband skal midlane prioriterast til å auka kapasiteten på nettet i områder som elles ikkje vil bli utbygd av kommersielle aktørar.
  • Fiberprosjekt vert den prioriterte satsinga.
  • Det er ein føresetnad at kommunane og/eller andre aktørar er med og finansierer aktuelle prosjekt og tiltak. Dette skal dokumenterast i form av intensjonsavtaler eller politiske vedtak i kommunen. Kommunen skal stå som ansvarleg søkjar for utbyggingsprosjektet, men utbygginga kan gjerne skje i samarbeid med andre privateigde eller offentlege selskap.
  • Det er også mogleg for andre aktørar å søkja på vegne av fleire samarbeidande kommunar. I slike tilfelle er det ein føresetnad med bindande avtaler mellom kommunane og utbyggjar.

  • Nett som vert etablert må vera opne, dvs. tillate konkurranse på tenester og innhald.
  • Midlane skal nyttast til utbygging av ny infrastruktur, og ikkje til drift.

 

Når det vert søkt om tilskot til breibandutbygging skal det leggjast til grunn ein deknings-analyse som gjer greie for kor mange husstandar som ikkje er knytt til breiband, og ein oversikt over kva kapasitet det er på tilgjengeleg breiband. Utbygging i «kvite område» har høgast prioritet. Kommunar som søkjer om tilskot må dokumentera at dagens dekning eller kapasitet ikkje er god nok. 

 

I tillegg har ESA retningslinjer for korleis offentlege tilskot kan sikra raskare breibandutbygging i samsvar med EØS-avtala. Det er stort handlingsrom ved utbygging i område der det ikkje fins breibandtenester i dag, såkalla «kvite område». Områder med god dekning og konkurranse blir kalla «svarte område». Her er offentleg tilskot ikkje i tråd med EØS-avtala.

 

Støttenivå

Normalt inntil 35 % av godkjente prosjektkostnader. I særskilte tilfelle kan det vere aktuelt med eit høgare støttenivå basert på ein konkret vurdering av den aktuelle søknaden.

 

Krav til søknaden

Tiltak/prosjekt som er klare for oppstart i 2017 vil bli prioritert. Søknad skal utfyllast med informasjon om prosjektet, kven som står bak og korleis det vert finansiert slik det går fram av det elektroniske søknadsskjemaet.

 

Kontaktpersonar

For ytterlegare informasjon, kontakt Næringsseksjonen ved:

 

Søknadsskjema

Søknadar skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no.
Bruk støtteordning "
Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland"

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen