(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt Næringsfond Sogndal Kommune -2016

Kommunalt Næringsfond i Sogndal Kommune

Sogn Næring har ansvar for forvaltning av Sogndal kommune sitt næringsfond.

Næringsfondet skal nyttast i samsvar med nasjonale og fylkeskommunale føringar og  til tiltak som har som føremål å fremje næringsutviklinga i kommunen. Det er ikkje høve til å nytta midlar frå næringsfondet til verksemder som mottek omfattande overføring over offentlege budsjett.  I 2016 er ramma for næringsfondet kraftig redusert.

Styret i Sogn Næring er fondsstyre og formannskapet i Sogndal kommune er klageinstans.

Fondsstyret handsamar søknader til næringsfondet løpande.

 

Fondsstyret vil i handsaming av søknader til det kommunale næringsfondet prioritere etableringar, tiltak eller prosjekt som:

tilfører produkt eller tenester som vi idag må utanfor Sogndal eller dei omkringliggande kommunane (regionen) for å finne
er retta inn mot område som Sogn Næring eller Sogndal kommune har gitt prioritet i nærings- og regionsenterutviklinga
legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om produkt og/eller tenesteutvikling
legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om tilføring av arbeidsplassar
tilfører kompetansearbeidsplassar til Sogndal
tilfører arbeidsplassar for kvinner og ungdom til Sogndal
legg til rette for miljøvennleg utvikling i lokalsamfunnet 


Løyving av støtte skal stadfestast av eit løyvingsbrev.

Kommunen syter for utbetaling av løyvd tilskot.

Søkjarar må nytte www.regionalforvaltning.no til søknaden. 

Ta gjerne kontakt med Sogn Næring for rettleiing. 

post@sognnaring.no 

mob: 416 37 034 / 917 76 422


 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen