(Du er ikke pålogget) 
 

Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal 2024

Opprett ny søknad på støtteordning

Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal 2024

 

Midlar til berekraftig tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport. 

 

Kven kan søke? 

Kommunane i Møre og Romsdal. Kommunane kan søke i samarbeid med andre aktørar som lag og foreiningar, næringslivet m.v.

 

Søknadsfrist: 15. september 2024 er det frist for ein pott på 2,5  mill. kroner

 

Kva kan det søkast støtte til? 

Kommunane kan få tilskott på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalyser, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak.  

Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.

 

Program for berekraftig by- og tettstadutvikling vil i 2024 ha eit utval satsingsområde som er førande for prioriteringar av søknadar om tilskot og kompetansehevingstiltak i programmet. Satsingsområdane er omtalt i meir detalj i rapporten «Program for berekraftig by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal – oppsummering av arbeid i 2023 og arbeidet for 2024». For utlysing av midlar til berekraftig tettstadutvikling er satsingsområda som følgjer:

Satsingsområde for ordninga  «Berekraftig tettstadutvikling»:

  •            Utvikling og etablering av byrom for alle
  •            Kvalitet i bygde omgievnader
  •            Bustad og bustadpolitikk
  •            Samarbeid om sentrumsutvikling

Døme på kva det kan gis støtte til:

·        Utarbeide kunnskapsgrunnlag som moglegheitsstudiar, stadanalysar og utgreiingar 

·        Leie inn fagleg kompetanse, eller dekke løn til ekstra prosjektmedarbeidar for å styrke utviklingskapasitet.  

·        Fysiske investeringar i byrom som torg, gater og møteplassar i sentrumsområde 

·        Prosjektering frå ideskisse til detaljprosjekt 

·        Arrangere samlingar for kompetanseheving, erfaringsdeling, medverknad og samarbeid om tiltak, i samband med dei konkrete utviklingsprosjekta.

·        Etablere midlertidige fysiske tiltak; for eks. midlertidige møteplassar, testing av løysingar

·         

Det gis ikkje tilskot til:   

·        Ordinær planlegging som t.d. reguleringsplanar eller prosjektering av t.d. parkeringsplassar, gang/sykkelvegar eller småbåthamner 

·        Ordinær drift og vedlikehald 

·        Bygningar. Konstruksjonar som inngår som del av byromsmøbleringa som t.d. paviljongar, toalett, boder etc. kan inngå.

·        Vi støttar ikkje prosjekt som er ferdig, og som hovudregel ikkje prosjekt som er starta.

 

Generelle vilkår

·        Søknad skal innehalde ei skildring av kommunen sitt utfordringsbilde, målsettingar og planar, forventa resultat og effekt, korleis kommunen vil organisere arbeidet, aktivitetar, kva ressursar dei ser for seg å nytte, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

·        Det skal nyttast relevant og anerkjend fagkompetanse i prosjektgjennomføringa.

·        Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time.

·        Prosjekta som får støtte i 2024 må vere avslutta og bedt om sluttutbetaling for innan 31. desember 2027.

·         

Kriterium for vurdering av søknad  

·        I kva grad tiltaket medverkar til å oppnå formålet med ordninga.  

·        Om tiltaket er i tråd med kommunen sine overordna mål, kunnskapsgrunnlag og ledd i heilskapleg plan.  

·        Korleis arbeidet er forankra politisk og administrativt.  

·        Grad av medverknad og involvering av næringsliv, offentlege aktørar, frivillig sektor, barn og unge.  

·        Organisering og gjennomføring av arbeidet.

·        Finansieringsplan. Det er viktig at prosjekta har lokal forankring og at ein satsar på tiltak som næringslivet ser nytta av og bidreg til. Det betyr at vi prioriterer tilskott til prosjekt der næringslivet er involvert som bidragsytar. Om dette ikkje er mogleg må kommunen grunngi kvifor det ikkje let seg gjere.

·        Det tel positivt om prosjektet bygger på og styrkar eksisterande utviklingsprosjekt og inngår i ein heilskapleg plan

 

Saksbehandling 

·        Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen). 

·        Søknadane blir behandla etter søknadsfristen og lagt fram for politisk utval for avgjerd.

·        Ta gjerne kontakt med ein rådgivar før du begynner å fylle ut søknaden. Kontaktpersonar for ordninga finn du på nettsidene til «Program for berekraftig by- og tettstadutvikling»

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen