(Du er ikke pålogget) 
 

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

Opprett ny søknad på støtteordning

Målet med ordninga 

Ordninga skal legge til rette for meir verdiskaping i landbruket gjennom regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving 

Kven kan søke? 

Både kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar som er registrerte i Enhetsregisteret kan søke. 

Kva kan du søke støtte til? 

Du kan søke støtte til prosjekt knytt til utvikling, rekruttering og kompetanseheving innan landbruk, og som bidreg til å nå måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026 Det kan vere prosjekt som bidrar til å:

    • auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdal?
    •  behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning?
    •  auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal?
    •  auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning?
    •  redusere landbruket sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn?
    •  utvikle fleire og betre forretningsidear med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål

Korleis søker du, og når er fristen? 

Du må fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no  

Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen.  

Søknader om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane:  

 
    • 15. februar 2026 (vedtak 17. mars)
    • 10. april 2026 (vedtak 13. mai)
    •  10. mai 2026 (vedtak 11. juni)
    •  10. august 2026 (vedtak 10. september)
    •  15. september 2026 (vedtak 22. oktober)
    • 1. november 2026 (vedtak 3. desember)  
 

Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknader om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn.   

Andre vilkår du må vere merksam på

Tiltaket må vere i tråd med Forskrift om regionale tilretteleggingsmidler i landbruket.

Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift eller vedlikehald. 

Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.

Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad. I særlege tilfelle kan vi tildele inntil 75 prosent av totalkostnad. 

Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet skal vere basert på faktiske kostnadar avgrensa til 1 100 kroner per time. Dette skal dokumenterast gjennom timelister.

Kompetansehevande tiltak skal vere opne for alle på same vilkår. Deltaking eller pris skal ikkje vere avhengig av medlemskap i organisasjonen som mottek tilskot.

Fylkeskommunen kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnadar. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev.

Søknader vert vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.

·       

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen