(Du er ikke pålogget) 
 

Stønad til normalladarar for reiselivsnæringa i Vestland

Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til ladeinfrastruktur for elbil i Vestland.

Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Samstundes skal Vestland utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet. Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling. Det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket og fylkeskommunen har gitt bidrag til utrulling av det offentlege hurtigladenettet over fleire år. Slik hurtiglading er godt tenleg for folk som er i farta. No ønsker Vestland fylkeskommune å tilby stønad til reiselivsaktørar som vil etablere eit ladetilbod for reisande som oppheld seg over lenger tid ved turistattraksjon/opplevingssenter eller overnattingsplass. Reiselivsaktørar kan no søke om tilskot til å sette opp normalladeboksar for besøkande. Ladeoperatørar kan òg søke på vegne av aktørar i reiselivsnæringa.

Vilkår for tilskot

  • Det løyvast 10 000 kr per ladeuttak.
  • Vestland fylkeskommunen bidreg med finansiell stønad. Mottakar må sjølv syte for innkjøp og montering av utstyret.
  • Tilskot blir utbetalt etter at utstyret er sett i drift. Aktuelle mottakarar vil bli informert om krav til dokumentasjon og framgangsmåte for utbetaling. Utbetaling skjer etter at kvittering for innkjøpt utstyr er lasta opp.
  • Einskildbedrifter eller interesseorganisasjonar kan ta imot stønad på vegne av fleire aktørar. Søkaren er ansvarleg for gjennomføring og for at vilkåra til stønad er oppfylt.
  • Ladeuttaket skal vere sett opp i høve til gjeldande krav og forskrifter knytt til elbillading.
  • Kvart ladeuttak skal kunne gje monaleg ladeeffekt, slik at brukarane får god praktisk nytte.
  • Mottakar skal sjølv eige ladeutstyret, men drifta kan gjerast av tredjepart.
  • Pris for lading skal svare til normal marknadspris for elkraft.

Ordninga har løpande saksbehandling og har ingen søknadsfrist. Det løyvast stønad så lenge budsjettet for ordninga rekker.

Opprette søknad:

1. Registrer deg som søkjar eller organisasjon.
2. Opprett søknad på utlyst støtteordning (Stønad til normalladarar for reiselivsnæringa i Vestland).
3. Fyll ut søknaden, lagre undervegs.


Krav til søknaden:
Bruk standardisert søknadsskjema på 
www.regionalforvaltning.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen