(Du er ikke pålogget) 
 

Hustadvika kommune - Kommunalt næringsfond

KOMMUNALT NÆRINGSFOND HUSTADVIKA

Utlysing av kommunalt næringsfond for Hustadvika kommune

Hustadvika kommune har eit næringsfond til framhjelp av lønsame etableringar i kommunen. Støtten er hovedsakleg retta mot etablering av nye brdrifter, men også etablerte bedrifter kan kome i vurdering på hvisse vilkår. (…les meir)

Kva kan vi støtte?. 
Næringsfondet kan være med på å finansiere varige og lønnsame arbeidsplassar gjennom m.a. økonomisk støtte til planlegging og etablering av eiga verksemd. Støtteordninga gjeld for alle næringar, med unnatak for jordbruk. Bedriftsetableringar som kan få støtte frå det kommunale næringsfondet er av dei mindre kapitalkrevkande prosjekta d.v.s. prosjekt med kapitalbehov (samla kostnad på etableringa) mindre enn kr. 300.000,-.

Kva prioriterer vi?
På grunn av avgrensa pott i det kommunale næringsfondet har kommunen prioritert nyetableringar, men også etablerte bedrifter kan i einskilte høve få støtte, men då må tiltaket ha eit klart utviklingspreg; nye produkt, satsing på nye marknader eller liknande.

Ingen har krav på støtte frå næringsfondet. Evt. støtte vert løyvd på bakgrunn av ei samla vurdering av kvar enkelt søknad. Alle gode prosjekt som har føresetnad for å lukkast og kan skape varige, lønsame arbeidsplassar kan få støtte. Kor mykje støtte du kan få vil avhenge av fleire faktorar; er bransjen prioritert i næringsplana, kor stor verknad vil tiltaket ha for øvrig næringsliv i kommunen, er bransjen godt dekka frå før, kor stort utviklingspotensial har tiltaket, sysselsettingseffekt o.s.b.

Vidare skal det takast særskilt omsyn til og prioriterast:

  • kvinner som etablerer eiga verksemd, eller verksemder som i hovudsak er retta mot kvinnearbeidsplassar
  • etableringar som er med på å komplettere, styrkje næringsstrukturen i kommunen
Ved vurdering av søknader legg vi særskilt vekt på:
Marknadsforhold. Er det marknad for produktet/tenesta du planlegg å starte opp med og korleis er konkurransetilhøva.

Personlege eigenskapar. Har du faglege føresetnader for å utvikle forretningsideen og eigenskapar til å drive ei bedrift. I personvurderinga legg vi vekt på motivasjonen din for å etableringa, om forventningane du har til prosjektet er realistiske, kunnskapsgrunnlaget ditt og referansane dine. Det er vidare viktig at søkjaren har økonomisk evne til å gjennomføre prosjektet. På den eine sida må du ha kapital til å gjennomføre naudsynte investeringar i lokale, utstyr og planlegging av sjølve etableringar, men du må også ta høgde for at det kan gå ei tid før inntektene i drifta begynnar å kome inn. Evt. støtte frå næringsfondet er berre med å finansiere delar av oppstartskostnadane, ikkje drifta av verksemda.

.....men uansett:
Ta kontakt med Hopp.id-kontoret for råd og hjelp.
ring på telefon: 900 14 142 eller besøk kontoret i "Rødal-bygget" på Eiden Sør Industriområde.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen