(Du er ikke pålogget) 
 

Næringsfond Lom kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

 

Har du bruk for tilskot til å starte eller vidareutvikle ei bedrift? Da kan det vere aktuelt å søkje om tilskot frå Lom kommune sitt næringsfond. Næringsfondet er på ca. 4,8 millionar i året, der deler av fondet er frie midlar og resten blir brukt i tråd med årlege budsjettvedtak. Det er primært bedrifter med adresse i Lom kommune som kan søkje. Ta gjerne kontakt med vår næringssjef Åshild Myhre Amundsen på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977 før du sender inn ein søknad. 

Vi vil også anbefale alle å lese gjennom tipsa under: 

Tips 1: Sjå over retningslinjene for bruk av næringsfondet

Her kan du lese RETNINGSLINJER FOR BRUK AV NÆRINGSFONDET I LOM KOMMUNE.  (PDF, 183 kB)

Legg merke til at det er løpande saksbehandling på alt unntatt skogbruk og landbruk, her er det normalt to søknadsfrister i året.

Vi har også langsiktige, overordna standardvedtekter (PDF, 85 kB) som ligg til grunn for retningslinjene.

Tips 2: Ta kontakt

Ta kontakt med kommunen for ei uformell samtale tidleg i prosessen. Vi skal hjelpe deg så godt vi kan vidare. 
Kontaktinformasjon næringssjef Åshild Myhre Amundsen, tlf. 975 22 977, ashild.amundsen@lom.kommune.no 
Kontaktperson landbrukskontoret for Lom og Skjåk, jordbrukssjef Erling Dagsgard, 909 99 496, erling.dagsgard@skjaak.kommune.no

 

Tips 3: Bruk litt tid på søknaden din

Ynskjer du å søkje støtte frå kommunen, må du sende inn ein søknad om det.
Søknaden bør innehalde: 

  • info om deg og bedrifta di
  • forretningsideen / forretningsplan, konkurransesituasjonen og kva du treng støtte til.
  • kostnadsoverslag og finansieringsplan


Bruk gjerne retningslinjene for bruk av næringsfondet som eit hjelpemiddel, eller prat med oss for å få gode råd / ein kvalitetssjekk. 

 

Tips 4: Ver klar over offentlegheitslova

Hugs at kommunen er underlagt offentlegheitsloven. Dei fleste søknader er derfor offentleg tilgjengelege. Hugs å si i frå dersom det er noko i søknaden din som helst ikkje skal offentleggjerast, t.d. forretningsidear eller unike konkurransefortrinn som ikkje bør publiserast. Det er strenge reglar for å unnta noko frå offentlegheita, så avklar dette før du sender søknaden.

 

Tips 5: Ha ei realistisk forventning til utmåling

Dersom tiltaket ditt kjem innanfor retningslinjene for bruk av næringsfondet, skal tilskotet normalt ikkje utgjere meir enn 30 % av totalkostnaden på private tiltak.
Ved nyetableringar, fellestiltak og andre særleg gode tiltak kan det gjevast inntil 50 %. Legg merke til at ingen har krav på tilskot, men alle har rett til å søkje.

NB: Merk også at dersom du har ei bedrift som får frådrag for inngåande meirverdiavgift, så vil prosenten bli rekna frå totalkostnaden eks. mva.

 

Tips 6: Skriv inn søknadsbeløpet ditt

Du må ikkje oppgi søknadsbeløp, men det er ein fordel. Søknadsbeløp opptil kr. 50 000 kan behandlast administrativt (raskt), søknadsbeløp mellom kr. 50 000- 100 000 må behandlast i samfunnsutvalet og søknader over kr.100 000 må behandlast i formannskapet.
Ver klar over at det ikkje er politiske møter mellom midten av juni til slutten av august, så det kan bety litt ventetid dersom du sender inn rett før eller i løpet av sumarferien. 

 

Tips 7: Søknaden skal sendast før tiltaket er sett i verk - med nokre unntak (sjå under)

Vi ber om at du søkjer før Unntaket er støtte til skredfarevurdering og avverking til skogbruket, her er det normalt å søkje i etterkant.

 

Tips 8: Tilskotet blir utbetalt etter at du kan dokumentere for kostnadane

Tilskotet blir normalt utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og kostnaden dokumentert. Du må derfor levere inn fakturadokumentasjon for at tilskotet blir utbetalt. Vanlegvis kan det gis inntil ei delutbetaling. Det er du som må ta kontakt med kommunen for å få tilskotet utbetalt, det skjer ikkje automatisk. Ved større beløp er det mogleg med ei deltutbetaling etter avtale. 

 

Tips 9: Sjekk ut andre støtteordningar fyrst

Dersom det blir aktuelt å søkje tilskot frå Innovasjon Norge, SkatteFUNN eller andre støtteordningar kan vi også hjelpe deg med det. Næringsfondet skal primært nyttast etter at andre finansieringsmoglegheiter er vurdert / prøvd. Samfinansiering er aktuelt i særlege høve, t.d. større prosjekt / tiltak.

Her finn du nyttige linker til andre støtteordningar:


Spør viss du treng hjelp til å skrive ein søknad eller til å vurdere om det er aktuelt.

Tips 10: Utviklingsaktørar og nyttige linker

Skal du starte eigen bedrift, kan du elles få mange gode tips på Innovasjon Norge sine gründersider eller på Altinn sine gründersider:
Dersom du treng hjelp til søknaden kan det vere aktuelt å ha nokon andre enn kommunen som bistand, t.d.utviklingsselskapet Skåppå, som Lom kommune har partnarskapsavtale med.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen