(Du er ikke pålogget) 
 

Bedriftsintern opplæring (BIO)

Opprett ny søknad på støtteordning

Bedriftsintern opplæring (BIO-midlar)

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Formålet med tilskotsordninga er å motverke nærliggande permitteringar eller nedbemanning ved å styrke kompetansen blant dei tilsette slik at bedrifta kan gjere vesentlege endringar i produksjon, produkt eller etablere seg i nye marknadar.

 

Omstillinga må også bidra til mindre samla miljøbelastning. 

 

Målgruppe: Kven kan søkje?

Bedrifter i Møre og Romsdal som er avhengig av omstilling for å unngå å permittere eller seie opp tilsette kan søke. Bedrifter som er i ferd med å bli avvikla, eller som sannsynleg vil bli avvikla uansett, kan ikkje søke. Tilskot blir gitt til enkeltbedrifter, ikkje til felles opplæringstiltak for fleire bedrifter

 

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Vi kan støtte kostnadar bedrifta har knytt til opplæringa, og til lønnsutgifter for deltakarane. Tilskotet kan bli brukt til: 

a) utgifter til opplæringspersonell – eksterne eller interne
b) reiseutgifter for opplæringspersonell og opplæringsdeltakarar
c) andre utgifter som for eksempel materiell og utstyr som er direkte knytt til opplæringa
d) avskriving av verktøy og utstyr dersom ein er avhengig av å bruke dette i opplæringa.
e) utgifter til rettleiing og rådgivingstenester i samband med opplæringa
f) lønnsutgifter for deltakar i opplæringa, avgrensa til dei timane som deltakarane faktisk deltek i opplæringa

 

Punkt a – e skal utgjere minimum 1/3 av søknadssum. Tilskot til lønnsutgifter kan ikkje overstige 2/3 av søknadssum. 

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

  • ordinær drift utan omstilling, eller opplæring som kan karakteriserast som normalt for drifta og utvikling av denne
  • andre enn bedrifta sine tilsette, eller tilsette som er permitterte*
  • opplæring kor det er knytt bindingstid til bedrifta etter opplæringa
  • opplæring som er obligatorisk for at tilsette skal oppfylle fastsette nasjonale krav
  • opplæringsprosjektet det tidlegare er gitt tilskot til

*Delvis permitterte kan delta i opplæringstiltak i den tida dei er i arbeid

 

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

Det er gradert krav til eigenandel der tilskot frå fylkeskommunen kan ikkje overstige:

  • 70 prosent for små bedrifter (1-9 tilsette)
  • 60 prosent for mellomstore bedrifter (10-49 tilsette)
  • 50 prosent for store bedrifter (fleire enn 50 tilsette)

Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 800 000 kroner, og maksimalt 50 000 kroner per deltakar i opplæringa.

 

Godkjend fast timesats for lønn under opplæring er 500 kroner per time. 

 

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

Behov for støtte og samsvar med kriterium for ordninga

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

6 mill. kroner

Finansieringskjelde

Økonomiplanen, ramme 60

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen