(Du er ikke pålogget) 
 

Gulen kommunale næringsfond

Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av ny verksemd og til utvikling av næringslivet. Fondet kan og nyttast til infrastrukturtiltak og tiltaksarbeid.
 
 

Etablering av ny verksemd og utvikling av næringslivet
Støtte frå næringsfondet kan løyvast til tiltak som inneber "eit løft" for bedrifta og utgjer ei vesentleg satsing frå bedrifta si side. Støtte frå næringsfondet skal verke utløysande på tiltaket. Småinvesteringar og dei vanlege driftskostnadene fell utafor ordninga. Reine utskiftingar vert ikkje støtta. Tilskot skal ikkje føre til konkurransevriding i nærmarknaden.

Tilskot til fysiske investeringar:
Bedrifter med ein årleg omsetnad inntil kr 6 mill. kan få støtte til fysiske investeringar, dvs. bygningar, maskiner og utstyr. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 600 000 kan vurderast. Tilskotet kan utgjere maksimalt 30 % av kostnadene, inntil kr 180 000.

Tilskot til utviklingstiltak:
Fondet kan støtte utviklingstiltak med normalt inntil 50 % av kostnadene. Med utviklingstiltak er meint t.d. forprosjektering/planlegging (gjerne i samband med førebuing av søknad til Innovasjon Norge), marknadsundersøking, opplæring/kompetanseheving og produktutvikling. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 200 000 kan vurderast.  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen