(Du er ikke pålogget) 
 

Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål med ordninga 
Det overordna målet for prosjektet Omstilling av Geirangerfjord verdsarvområde med omland er å jobbe for ei berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Dette skal prosjektet oppnå gjennom aktivitetar som skal føre til:

  • Auka verdiskaping per turist/besøkande, herunder berekraftig utvikling og forvaltning av Geiranger verdsarvområde. 
  • Lågare miljømessig fotavtrykk per turist/besøkande, herunder særleg fokus på omstilling og tilpassing til utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026.
  • Fleire heilårsarbeidsplassar i Geiranger og omegn, herunder utvikling av fleire heilårsopplevingar og –arbeidsplassar. 
  • Betre vilkår for landbruket. 
  • Betre samarbeid og koordinering mellom forvaltning og næring. 

Prosjektet kan gje tilskot til utviklingstiltak som støttar opp om desse måla. 

Kven kan søke om støtte?

Kommunar, organisasjonar eller nettverk av bedrifter som skal gjennomføre fellestiltak.

Avgrensingar

Tiltak i regi av, eller retta mot utvikling av enkeltbedrifter, kan ikkje støttast.Tiltak må vere retta mot problemstillingar knytt til Geiranger verdsarvområde, men aktiviteten treng ikkje å vere utelukkande geografisk avgrensa til dette området.  

Vilkår for støtte
Forstudiar og forprosjekt kan støttast med inntil 50 prosent tilskot. Ved gjennomføring av hovudprosjekt skal tilskot avgrensast til 33 prosent av totalkostnad.   
Styringsgruppa kan i særlege tilfelle gjere unntak frå dette. 
Støtte frå Omstilling Geiranger skal i størst mogleg grad kombinerast med eigeninnsats og finansiering frå andre kjelder.  

Krav til søknad og saksgang 
Søknad skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Det er ingen søknadsfrist, saker vert handsama så lenge det er midlar tilgjengeleg.   
Fylkeskommunen legg fram søknadsvurdering med innstilling for styringsgruppa for prosjektet, som gjer vedtak om tildeling.  
Reglar for saksbehandling i forvaltningslov, habilitetsregelverk og regelverk for statstøtte ligg til grunn.  

  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen