(Du er ikke pålogget) 
 

Offentleg hurtigladeinfrastruktur

Søk tilskot til hurtigladeplassar for elbil

Du kan søke tilskot til bygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland

Kva kan støttast?

Vestland fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med dei to følgjande delutlysingane:

Delutlysing 1

  1. Ny ladeplass ved Førde sentralsjukehus.
  2. Ladeplass ved andre helseføretak/sjukehus i fylket.

Delutlysinga gjeld ladeplassar i umiddelbar nærleik til større helseføretak med stor trafikk av langtreisande pasientar. Med umiddelbar nærleik meinast rimeleg gangavstand. Det er ønskeleg med drosjeprioritering på eitt eller fleire ladeuttak. Løysing for drosjeprioritet vil derfor bli vurdert som positivt.

 Delutlysing 2

Utbygging av nye hurtigladeplassar og utviding av eksisterande ladeplassar. Denne delutlysinga er ikkje stadspesifikk og gjeld for heile Vestland fylke med unntak for Bergen kommune med mindre ladeplassen i vesentleg grad vil gagne drosjenæringa.

Denne tilskotsordninga støttar ikkje heimelading/normalladeuttak for drosje eller ladeanlegg i private burettslag og sameige.

Målet med utlysingane

Målet med utlysingane er å utvide ladetilbodet i Vestland. Dette skal bidra til å gjere det praktisk å bruke elbil i heile fylket. Fylkeskommunen tilbyr derfor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege ladeplassar. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der kundepotensialet i dag ikkje er venta å gje lønnsam drift.

I Vestland er det i 2022 sett av opp til 4,5 millionar til stønad for å etablere og utvide ladeplassar.

Det er berre utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar som vert omfatta av denne ordninga.

Rammene for utlysinga

På bakgrunn av kundepotensial og eksisterande hurtigladetilbod, ønskjer Vestland fylkeskommune å prioritere område med avgrensa hurtigladetilbod.

Hurtigladetilbodet i Vestland er varierande. Medan bynære område generelt har eit robust nettverk av hurtigladeplassar, er det fleire regionar som ikkje har eit godt ladetilbod. Det gjeld særskilt for nordlege del av fylket. I medhald av strategi for utvikling av hurtigladetilbodet, vil fylkeskommunen i denne omgang prioritere å støtte etablering i regionar og langs strekningar med svakt hurtigladetilbod. Det vil òg vere aktuelt å prioritere utviding hurtigladeplassar med få uttak og/eller låg effekt i desse regionane.

 

Kven kan søke?

Kommunar og private hurtigladeoperatørar kan søke på ordningar. Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet. Det er òg ønskeleg om ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å gje rom for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.

Tilskotsordninga skal ikkje vere i konkurranse med tilsvarande ENOVA-ordning. ENOVA avkortar deira stønad tilsvarande dersom det er innvilga stønad frå andre offentlege aktørar. Vestland fylkeskommune støttar derfor ikkje prosjekt det er søkt om ENOVA-stønad til.

Meir om delutlysingane

Delutlysing 1a og 1b er konkurranse om stønadsmidlar til å etablere hurtigladeplass ved høvesvis sentralsjukehuset i Førde (1a) og ved andre sjukehus/helseføretak (1b). Tilbydarane sine forslag vil bli vurdert opp mot kvarandre. Tilbydaren med høgast poengsum får omsøkt stønadssum. Sjå tabell 1 a for kriteria.

I delutlysing 2 vil fylkeskommunen i tillegg til søknadssum, legge særskilt vekt på eksisterande ladetilbod på staden og i omlandet med omsyn til trafikkmengd og busetnadsmønster, tilleggsverdi for lokalt næringsliv, ladeeffekt, tal ladeuttak og moglegheit for sambruk mellom bil/båt.

Søknadar om etablering i område og langs strekningar med svakt ladetilbod har større moglegheit for stønad. Ladetilbodet er i stor grad tolka ut frå avstand mellom ladeplassar og tal ladeuttak på kvar ladeplass (figur 1 og lenke under). I evalueringa vil dette saman med trafikkdata og busetnadsmønster nyttast som indikator på i kva grad søknadane møter kvalitetskrava.

Sjå kart med status for ladetilbod. Klikk på punkta i kartet for meir informasjon.

Søknadar om tilskot til etablering i Bergen kommune vil ikkje bli evaluert med mindre desse i vesentleg grad vil gagne drosjenæringa eller sambruk mellom bil og båt.

 

Prioritering av høg effekt og tal ladeuttak

Hurtigare lading reduserer ladetida og risikoen for kødanning. Høg ladeeffekt gjev derfor høgare poengsum i vurderinga (tabell 1). Effekten blir vekta med poengsum mellom 1 (50 kW) og 10 (≥ 350 kW).

Talet på ladeuttak som kan nyttast samstundes per ladestasjon vert vektlagt i vurdering av kvalitet. Fleire ladarar reduserer risiko for kø. Talet på oppstillingsplassar ved ladestolpa må samsvare med tal ladeuttak for at dette skal gjelde som ein kvalitetsmessig fordel. [HLJ1] 

Sambruk mellom bil og båt

 

Elektrifisering av luftfart kystfart med fritidsbåtar og nyttefartøy krev ladeinfrastruktur. Vestland fylkeskommune ønsker å legge til rette for elektrifisering av luftfarta ved å støtte infrastrukturutbygging. Sambruk mellom ulike transportmiddel er ei ønska tilnærming for at infrastrukturen skal nå ut til fleire potensielle brukarar.  

 

Tildelingskriterium

For delutlysing 1 og 2 blir tilboda evaluert med omsyn til kriteria lista i høvesvis tabell 1a og b.

Tabell 1a: Evalueringskriteria for delutlysing 1. Dokumentasjonskrav: Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag.

Kriterium

Vekt

Søknadssum per ladestolpe

50%

Ladeeffekt per ladestolpe

20%

Drosjeprioritet

20%

Tal ladeuttak som kan nyttast samstundes

10%

 

Tabell 1b: Evalueringskriteria for delutlysing 2. Dokumentasjonskrav: Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag.

Kriterium

Vekt

Søknadssum per ladestolpe

40%

Plassering i høve til ladetilbod elles, rekreasjonsmoglegheiter, sentrumsfunksjonar og næringsliv

20%

Effekt per ladestolpe

20%

Tal ladeuttak som kan nyttast samstundes

10%

Moglegheit for sambruk bil/båt

10%

 

Fristar, tidskrav, vilkår for tilskot og utbetaling

Send søknad gjennom fylkeskommunen sin tilskotsportal www.regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er 25. mai 2022 kl. 1500. 

Spørsmål om utlysinga kan sendast til Henrik Løseth Jansen på e-post fram til søknadsfristen. Søknadane vil vere til politisk behandling i utval for næring 23. juni 2022. Svarbrev vil bli sendt kort tid etter politisk behandling.

 Fylkeskommunane kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar. Driftskostnader vert ikkje dekka.

Fylkeskommunen gir investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å bli realisert. Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført eller sett i gang blir ikkje støtta. Det er derfor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er tatt.

Om søknaden gjeld utviding av ladetilbod på ladeplassar, er det ikkje eit krav om å etablere AC-ladetilbod viss dette allereie finst på ladeplassen.

Ordninga innfrir vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) og ordninga er dermed førehandsgodkjent av ESA. Det vil seie at stønadsordninga er lovleg i medhald av EØS-avtalen sine regler om offentleg stønad.

Stønad blir utbetalt på etterskot

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar du meiner bør gjerast.

Klage på vedtak gjort av Vestland fylkeskommune sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no.

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen