(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Grøne industrielle løft

Formål:
Det grøne skifte gjer at vi må sjå etter moglegheiter for utvikling av eksisterande og nye næringar. Vi har eit stort potensiale med auka foredling og verdiskaping i fylket og industrielle koplingar for sirkulær økonomi. Prosjekta i grøne industrielle løft skal ha eit potensiale for berekraftig eksport og bidra til å skape løysingar for utvikling av sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar. Ei sirkulær verdikjede er ein bedriftsmodell eller produksjonsprosess som er designet for å redusere avfall og negative miljøpåverknadar ved gjenbruk av materialar og ressursar så lenge som mogleg. Målet med sirkulær verdikjede er å skape ein meir berekraftig økonomi ved å forlenge produktets levetid og redusere behovet for nye ressursar.

Industriell symbiose er ein strategi for å oppnå sirkulær økonomi gjennom at bedrifter/verksemder innanfor eit geografisk avgrensa område samarbeider om bruk av ressursar som eksempelvis materialar, energi, vann og/eller bi-produkt.

Kva kan du søke tilskot til?

 Du kan søke på forprosjekt eller forstudie som legg til rette for framtidige større prosjekt som kan utløyse nasjonale midlar (som til dømes Grøn plattform i regi av Forskingsrådet)  og internasjonale midlar (som til dømes Horisont Europa).

Vi gir støtte til ein prosjektperiode på maksimalt eitt år.

Vurderingskriterium:

  • ·     Bakgrunn og mål med prosjektet
  • ·     Potensiale for berekraftig eksport
  • ·     Aktivitetar som bidrar til å utvikle sirkulære verdikjeder / industrielle symbiosar
  • ·     Korleis prosjektet bidrar til:
  • o   reduksjon i klimagassutslepp
  • o   forbetra tilstand for naturmangfald og miljø
  • o   samarbeid i regionen
  • ·       Prosjektorganisering og gjennomføringsevne, og korleis faktisk samarbeid mellom partnerane skal føregå
  • ·       Korleis prosjektet bidrar til kompetanseheving i regionen  

Kven kan søke?

Regionale utviklingsaktørar som til dømes konsortium mellom fleire bedrifter, klynger, innovasjonsselskap (næringshagar og inkubatorar), forskingsaktørar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar i samarbeid med fleire konkrete bedrifter. Konsortium må minimum bestå av tre partnarar, der minimum to av aktørane må vere bedrifter.

Kven kan ikkje søke?

Enkeltbedrifter og kommunar

Generelle vilkår

  •  Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time.
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei  siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket.
  • Søknad og saksbehandling er offentleg og blir arkivert

Korleis søker du?
Søk via 
Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft – Grøne industrielle løft” 

Søknadsfrist
17. april og 16. oktober 2023  

Prosjekta vert vurdert av fagpanel samansett av representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjekt med høgast skår sett i høve vurderingskriteria, vert lagt fram for politisk handsaming i Kultur,- næring og folkehelseutvalet.

Økonomisk prosjektramme
1 mill. kroner pr forprosjekt, total ramme 4 mill. kroner

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen