(Du er ikke pålogget) 
 

Grønn framtid Innlandet

Opprett ny søknad på støtteordning

Kriterium for Grønn framtid Innlandet, 2023

Føremål

Grønn framtid Innlandet er ei lågterskelordning som skal mobilisere til å

  • Skapa nye, grøne arbeidsplassar i Innlandet
  • Fremje verdiskaping samtidig som det gjev positiv effekt på klima og/eller miljø

Kva kan det løyvast tilskot til?

  • Utvikling av idéar som gjev god miljø- og/eller klimaeffekt samtidig som det er potensial for auka verdiskaping og sysselsetjing
  • Tiltaket skal gje effekt for verdiskaping og sysselsetjing i Innlandet
  • Idéen som skal utviklast bør vera ny i Innlandet, helst også nasjonalt, og gjerne internasjonalt

Dette støttast ikkje:

  • Ordinære driftskostnader
  • Investeringar. Små investeringar som er nødvendige for å utvikle idéen kan likevel godkjennast
  • Prosjekt som heilt klart fell inn under andre offentlege støtteordningar. Samfinansiering med kommunale næringsfond godtakast

Kven kan søke?

Føretak som er registrerte og har hovudaktiviteten sin i Innlandet.

Bedrifta som skal gjennomføre og få effekten av prosjektet må sjølv stå som søkjar (dvs. ikkje konsulentselskap el.l. som skal vera med og utvikle prosjektet).

Søknader bør vurderast opp mot andre ordningar i verkemiddelapparatet før dei innvilgast støtte frå Grønn framtid.    Grønn framtid skal vera eit supplement.

Prioritering av søknadene

Det er eit absolutt krav at idéen som skal utviklast må ha positiv verknad på klima og/eller miljø.

Søknadene blir vurderte ut frå den totale moglege effekten på:

  • Miljø og/eller klima
  • Innovasjonsgrad
  • Verdiskaping
  • Sysselsetjing

Krav til søknaden

Kontaktopplysningar: Namn på føretaket, organisasjonsnummer og kontaktperson.

Søkjar må beskrive:

  • Kva vil effekten på klima og/eller miljø vera?

Beskriv korleis prosjektet vil:

1) Bidra vesentleg til minst eitt av seks miljømål:

-        Avgrensing av klimaendringer

-        Klimatilpassing

-        Bærekraftig bruk og vern av vass- og havressurser

-        Omstilling til sirkulærøkonomi

-        Førebygging og reduksjon av forureining

-        Vern og gjenoppretting av biologisk mangfald og økosystem

             2) Ikkje vera til skade for nokon av dei andre miljømåla

  • Kva er innovasjonsgraden, dvs. korleis skil prosjektet seg frå ting som er gjort tidlegare?
  • Verdiskapingspotensialet
  • Mogleg sysselsetjingseffekt i bedrifta og moglege ringverknader

Økonomi: Kostnadsbudsjett og finansieringsplan for prosjektet.

Bedriftas eiga finansiering kan både vera eigeninnsats i form av timar og/eller finansiering i kroner.

Maksimal timesats er 500 kr.

Tidlegare tilskot: Tilskot som bedrifta har fått tildelt som bagatellmessig støtte i kalenderåret og dei to åra før (2021-23) må oppgjevast (tilskotsgjevar og -beløp).

Dersom ei bedrift er del av eit konsern gjeld eigne reglar, og det blir da sendt ut eit eige skjema for utfylling dersom det blir tildelt tilskot.

Ufullstendige søknader kan avvisast.Det same gjeld søknader som omfattar kostnader som ikkje kan godkjennast, t.d. når prosjektet bare omfattar investeringar.

 

Krav til rapportering

Det kan betalast ut forskot med inntil 50 % når prosjektet har starta opp.

Status- og sluttrapportering med rekneskap skal sendast via regionalforvaltning.no innan fristen som står i tilsegnsbrevet.

Utgifter og timar skal dokumenterast.

Max støttesats

Nystarta og etablerte bedrifter (inntil 5 år) kan tildelast 60 % tilskot av godkjente kostnader.

Bedrifter eldre enn 5 år kan tildelast 50 % tilskot av godkjente kostnader.

Maksimalt tilskotsbeløp er 300.000 kr.

Tilskota blir tildelte med grunnlag i regelverket for bagatellmessig støtte.

Søknadsfristar

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Kontaktpersoner

Patrick Bolliger, rådgjevar

E-post: patbol@innlandetfylke.no

Tlf. 968 00 556

 

Randi Skaaraaen, rådgjevar

E-post: randi.skaaraaen@innlandetfylke.no

Tlf. 482 73 980

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen