(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til ladeuttak for heimelading av drosje

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til ladeuttak for heimelading av drosje

Du som løyvehavar kan søke tilskot til kjøp og montering av heimeladar hjå drosjesjåførar som nyttar eller i ferd med å skaffe elektrisk taxi.

Kriteria for tilskot

  • Innehavarar av drosjeløyve som eig eller er i ferd med å skaffe elektrisk taxi kan søke.
  • Tilskotsordning gjeld for Vestland fylke, utanom Bergen kommune. Innehavarar med adresse i Bergen kan søke på tilsvarande ordning i Bergen kommune
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at søkar må søke og motta tilsagn om tilskot før innkjøp og før det inngås avtalar med leverandør.

 Retningsliner for tilskotsordninga

  • Tilskotet er 10 000 kroner per ladeuttak eller 50 prosent av godkjente kostnadar
  • Løyvehavar kan søke om eitt ladeuttak per løyve
  • Det er kostnadar til kjøp og montering av ladepunkt som støttast
  • Stønad kan inngå som delfinansiering av felles anlegg i burettslag eller sameige
  • Ladepunktet følger løyvet. Løyvehavar har rett til å flytte ladeuttaket etter behov. Det gjeld ikkje dersom ladeuttaktet er del av eit felles ladeanlegg i burettslag eller sameige.
  • Elektriske arbeider skal utførast av autorisert installatør
  • Løyvehavar har sjølv ansvar for drift og vedlikehald
  • Vestland fylkeskommune tar atterhald om rett til å føre tilsyn i etterkant

Slik søker du

Søknad sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. Her må du opprette ny brukar om det er første gong du søker tilskot.

Du kan søke heile året. Forventa saksbehandlingstid er tre veker frå innsendt søknad.

Stønaden vert utbetalt ved at du sender oppmoding om sluttutbetaling gjennom regionalforvaltning.no.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen