(Du er ikke pålogget) 
 

Offentleg - privat samarbeid

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål med ordninga 

 

Ordninga skal bidra til å betre samhandlinga mellom bedrift, kommune og verkemiddelapparatet og gi gründerar/oppstartselskap som rettar seg mot offentleg sektor betre moglegheiter for å lukkast med prosjektidéane og gi offentleg sektor betre løysingar enn det som er tilgjengeleg i dagens marknad. Ordninga skal særleg mobilisere til samarbeid med oppstart selskap, men dette er ikkje eit krav.  

 

Kva kan du søke støtte til? 

Prosjekta som får støtte skal bidra til offentleg-privat samarbeid for å løyse utfordringar i kommunal sektor. Prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar blir prioritert, og då særleg utfordringar som har utgangspunkt i berekraftkartlegginga som er gjennomført i regionen.   

 

Kommunane må stille med eigeninnsats og må sette av tid og ressursar til utviklingsløpet.  Kommunen vil i prosjektet vere utviklingspartner saman med valt leverandør.   

Tilskotet skal dekke kostnader leverandøren har knytt til utvikling av løysinga i kommunen, inkludert eventuelle kostnader knytt til rådgiving frå inkubatorane.  

 

Rammer for ordninga

Kommunen må ha lagt ein plan for gjennomføring av eit utviklingsløp med ei bedrift. Gjennomføringsplanen bør innehalde følgjande fasar

  1. Behovsavklaring 

  1. Marknadsdialog 

  1. Utlyse konkurranse for finne leverandør 

  1. Tre leverandørar får levere skisse til løysing 

  1. Inngå kontrakt med ein leverandør 

  1. Utviklingsløp mellom kommune og leverandør 

  1. Demonstrasjon av løysinga 

 

Dersom det behov for å unnta samarbeidet for kunngjeringsplikta må dette skje i tråd med med forskrift om offentlige anskaffingar gjennom FoU-unntaket (§ 2-5). 

 

Leverandørutviklingsprogrammet kan hjelpe kommunen med fasilitering og juridisk hjelp i fase 1-5. Inkubatormiljøa/Framtidslaben i regionen kan bidra i alle fasar frå 1-6. Leverandøren kan bruke tilskotsmidlane til å kjøpe rådgiving frå inkubatormiljøa/Framtidslaben i fase 6. Bruk av inkubatormiljøa i fase 1-5 må kommunen sjølv dekke.  

 

Ordninga er ein pilot etter modell frå ma. StartOff. Fylkeskommunen ønskjer at ordninga skal bidra til at inkubatormiljøa og Framtidslaben i Ålesund utviklar kompetanse på offentleg – privat samarbeid, som dei kan tilby kommunar og bedrifter i regionen.  Det er også mogleg å samarbeide med StartOff om ein ynskjer det.  

 

Vurderingskriteria: 

Prosjekta vert vurdert opp mot følgjande kriteria: 

  • Prosjektet må ha ein tydeleg eigar og vere godt forankra internt  i kommunen. 

  • Prosjektet må la seg gjennomføre innan rammene for ordninga. 

  • Søkjer må synleggjere korleis prosjektet tek omsyn til FN sine berekraftmål. 

  • Regional relevans, dvs. kor godt prosjektet treff behova i kommunar i Møre og Romsdal. 

  • Fylkeskommunen vil prioritere søknadar der fleire kommunar samarbeider. 

  • Prosjektorganisering og gjennomføringsevne. 

 

Kven kan søke? 

Kommunar i Møre og Romsdal. 

 

Søknadsfrist 

Løpande frist. 

 

Korleis søker du? 

Søk via regionalforvaltning.no 

 

Støtteordninga heiter “Skaparkraft - Offentleg -  privat samarbeid». 

 

Økonomisk ramme: 

Inntil 450 000 kroner per prosjekt. 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen