(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod

Opprett ny søknad på støtteordning

Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye kompetanseprogram og utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Ordninga skal anten kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om nye utdanningstilbod, eller danne grunnlag for oppretting av nytt tilbod.

 

Målgruppe: Kven kan søkje?

Både representantar frå utdanningstilbydarar (universitet/høgskolar, fagskolar, vidaregåande skular, ressurssenter) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Det er ein føresetnad at både utdanningstilbydarar og arbeidslivet er med i prosjektet.

 

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Støtte til å utvikle nye kompetanseprogram og utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i Møre og Romsdal. Det er føresetnad om at prosjekt som skal få støtte frå ordninga har eit samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet.

 

Nye utdanningstilbod kan vere innanfor:

  • Universitet og høgskole
  • Høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole)
  • Vidaregåande opplæring

Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen både utvikling av nye emne og fag, men også nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på som er tilpassa behova i arbeidslivet.

Døme på kostnader som ein kan få støtte til:

  • Kartlegging av kompetansebehov i arbeidslivet, for eksempel behovet i ein bransje/næring/sektor
  • Utgreiing av innhaldet i eit nytt utdanningstilbod
  • Samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidsliv om utvikling av nye tilbod, til dømes prosjektleiing, møtekostnadar

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Forprosjektmidlar kan ikkje nyttast til:

  • Drift av nye tilbod
  • Marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

50 % av totale kostnadar, inntil 400 000 kroner

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

Relevans

Gjennomføringsevne

Metodikk

 

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

1,6 mill. kroner

Finansieringskjelde

Ramme 60 -Skaparkraft og ramme 59 -Tiltaksfondet


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen