(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

Møre og Romsdal fylkeskommune vil styrke det lokale arbeidet for eit betre vassmiljø. Søk om støtte til å gjennomføre tiltak for å betre eller bevare den økologiske tilstanden i bekkar, elver, innsjøar og sjøområde.

Det er sett av ei økonomisk ramme på 1 000 000 kroner til ordninga i 2022.

Formål:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil stimulere til tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstane våre. Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar kan søke støtte til tiltak som bidreg til å nå miljømåla for Møre og Romsdal vassregion.

Vilkår:

Tiltaket må bidra til å følge opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027

Det kan søkast om støtte til:

  • Tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstar
  • Overvaking og kartlegging av miljøtilstand og effekten av tiltak
  • Formidlingsprosjekt som bidreg til å auke kunnskapen om vassforvaltninga og vassmiljø

Tiltak i prioriterte vassførekomstar og tiltak fastsett i tiltaksprogram vil bli prioriterte.

Målgruppe:

 Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar

Støttedel: Inntil 50 prosent finansiering

Søknadsfrist: Fortløpande

 Kontaktpersonar:

Håkon Slutaas, rådgivar, hakon.slutaas@mrfylke.no, tlf:71 28 03 52/975 94 361

Arne Håkon Sandnes, rådgivar, arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf:71 28 03 50/408 72 123

Åsa Fredly, rådgivar, asa.fredly@mrfylke.no, tlf: 71 28 02 28/924 26 293

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen