(Du er ikke pålogget) 
 

Forprosjekt nye utdanningstilbod

Opprett ny søknad på støtteordning

Målet med ordninga 

Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Både kompetansebehov i offentleg og privat sektor fell inn under formålet for ordninga.

Prosjekta som får støtte skal danne grunnlag for oppretting av eit nytt tilbod i Møre og Romsdal eller kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om utvikling av utdanningstilbod.

Kven kan søke? 

Både utdanningstilbydarar (universitet/høgskolar, fagskolar, vidaregåande skular og ressurssenter for vidaregåande opplæring for vaksne) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke.

Ordninga vil prioritere prosjekt der desse aktørane inngår i eit tydeleg og forpliktande samarbeid med kvarandre. 

For prosjekt der vidaregåande skular ønskjer å utvikle tilbod retta mot vaksne elevar, skal dette skje i eit samarbeid med ressurssenter for vidaregåande opplæring for vaksne i sin region (Nordmøre, Romsdal, Nordre og Søre Sunnmøre).

Kva kan du søke støtte til? 

Nye utdanningstilbod kan vere innanfor universitets- og høgskolesektoren, høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole) eller vidaregåande opplæring. Nye utdanningstilbod skal gi formell kompetanse i form av fagbrev eller studiepoeng.

Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen:
•             Utdanningstilbod som ikkje eksisterer i Møre og Romsdal
•             Nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på 

Utdanningstilbod som ikkje eksisterer kan vere fulltidsutdanning eller korte modular eller emne.

Døme på nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på kan vere å tilpasse stadbasert opplæring til samlingsbasert og/eller nettbasert opplæring.

Korleis skal utdanningstilbodet nå ut
Søknaden må beskrive korleis utdanningstilbodet skal nå ut til aktuelle deltakarar utover dei organisasjonane som allereie er med i prosjektet. 

For tilbod retta mot næringslivet skal små og mellomstore bedrifter vere ei av målgruppene. Det skal kome fram av søknaden korleis utdanningstilbodet er forankra i behova i denne målgruppa og korleis tilbodet skal nå ut til små og mellomstore bedrifter.

Omfang av støtte og døme på kostnadar

Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av prosjektkostnadane.

Maksimal støtte per prosjekt er 450 000 kroner.

Døme på kostnader som ein kan få støtte til frå ordninga: 
•             Kartlegging av kompetansebehov i arbeidslivet, for eksempel behovet i ein bransje/næring/sektor
•             Utgreiing av innhaldet i eit nytt utdanningstilbod eller kompetanseprogram
•             Samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidsliv om utvikling av nye tilbod, til dømes prosjektleiing, møtekostnadar  

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til? 

Forprosjektmidlar kan ikkje brukast til:
•             Drift av nye tilbod
•             Marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod 

Statsstøtte
Søknadar vert vurdert opp mot statsstøtteregelverket. For dei prosjekta der statsstøtteregelverket trer i kraft, vil støtte frå ordninga gis som opplæringsstøtte (artikkel 31 i gruppeunntaket).

Korleis søker du, og når er fristen? 

Det er løpande søknadsfrist på ordninga, og søknadane vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Du må fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no  

Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at søknaden blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn. 

Andre vilkår du må vere merksam på

Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.

Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad. Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet skal være basert på faktiske kostnader avgrensa til kr 1100,- pr time, dette skal dokumenterast gjennom timelister.   

Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnader. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev.

Søknader blir vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.

Korleis vurderer vi søknaden?

Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria:

  1. Kvalitet og innovasjon.
    1. Relevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga?
    2. Innovasjon: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling, sjølv dei små. Der eit prosjekt liknar på noko som har blitt gjort før bør søknaden gjere greie for ulikskapar.
    3. Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse og vise til smarte indikatorar for måloppnåing og effektar.
  2. Effekt og verdiskaping.
    1. Verdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regionen for grøn industrivekst, berekraftig utvikling eller andre område omfatta av regionale planar.
    2. Moglegheit for vidareutvikling: Det skal vere tydelege moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, gjerne ved å vise til større nasjonale og internasjonale ordningar, innhenting av privat kapital eller anna form for kommersialisering eller vidare verdiskaping.
    3. Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper som næringsliv, lokalsamfunn og offentlege aktørar på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan.
  3. Gjennomføring.
    1. Prosjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar.
    2. Risiko: Prosjektet skal drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko.
    3. Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder.

Alle søknader får ein karakter mellom 1-7 på kvart kriterium. Prosjektsøknader må få ein karakter på 4 eller betre på alle kriteria for å kvalifisere for tilskot. Søknader om blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen