(Du er ikke pålogget) 
 

Bykle: Spiremidlar

Opprett ny søknad på støtteordning

Spiremidlar
Ordninga er retta mot innbyggjarar som vil teste eller utvikle forretningsidé i liten skala. Støtte: inntil kr 25 000 og inntil 100 % av godkjende kostnader.

Kven kan søkje
Støtte kan gjevast til føretak, enkeltpersonføretak, lag eller organisasjonar som gjennom prosjekt bidreg til næringsutvikling i Bykle kommune. Søkjaren (verksemda) skal ha forretningsadresse i Bykle kommune.
Tiltak i rein kultur- eller idrettssektor fell utanfor og skal rettast til andre ordningar (kulturmidlar).

Prioriterte tiltak og satsingar
I tråd med satsingane i den strategiske næringsplanen skal støtte til næring vere tufta på dei prioriterte områda i kommunen. Element som vektleggjast i vurdering av søknader omfattar, men er ikkje avgrensa til:

  • Utvikling av eksisterande verksemder med potensial for vekst og auka verdiskaping
  • Auka breidde i næringslivet
  • Auka tal kompetansearbeidsplassar
  • Verksemd med marknadsfokus ut av kommunen / vekstpotensial
  • Oppretthald og vidareutvikling av landbruksnæringane
  • Auka besøksattraktivitet
  • Bidrag til arbeidsplassar, ringverknader og berekraft
  • Tiltak i tråd med FNs berekraftsmål, inkludering og likestilling

Ved prioritering skal omsynet til arbeidsplassar, ringverknader og berekraft vege tungt. Ordninga kan omfatte både etablerte bedrifter og nyetableringar med dokumentert potensial.

Kostnadar som det ikkje blir gitt støtte til
Det gis ikke støtte til:
- Driftskostnader
- Tidligere påløpte utgifter
- Garantiar, lån eller til kommunal aksjeteikning i private bedrifter
- Kjøp av varer og tenester innanfor eige konsern
- Gjeldssanering, driftstilskudd til bedrifter eller til utføring av ordinære kommunale oppgaver.
- Omsetteleg lausøyre er ikkje del av støttegrunnlaget. All støtte til investeringar som potensielt kan omsetjast vidare (t.d. veggfast utstyr), skal argumenterast for og må sjåast i samanheng med bedrifta si plan for investeringane, samt drift/resultat og/eller føresetnad for langsiktig og berekraftig drift. Det blir heller ikkje gitt støtte til brukt veggfastutstyr/maskiner.

Felles vilkår for å motta støtte
Mottakar pliktar å stille til oppfølgingsmøte (administrativt eller politisk) og bidra i evaluering av resultata. Kommunen kan be om kort presentasjon på nettverkssamling. Støttemottakarar skal og opplyse om at dei har motteke støtte frå kommunen der det er naturleg.

Tak for samla offentleg støtte
Tilskot vert gjeve innanfor de-minimis: 300 000 euro over tre år. Søkar har ansvar for å opplyse om tidlegare motteken støtte. 

Søknadsfristar
Det er to faste søknadsfristar i året: 15. april og 15. oktober. Søknader vert normalt handsama innan seks veker etter fristen.

 

Om Næringsramma
Næringsramma er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke og utvikle næringslivet i Bykle kommune. Den årlege næringsramma blir fastsett årleg i kommunens handlingsplan (økonomiplan) og budsjett. Løyvingar blir tildelte i hovudsak frå midlar satt disponible i næringsramma, og i tråd med målsettingane som vedtatt i strategisk næringsplan. Deler av næringsfondet blir disponert gjennom forhandsløyvde midlar og avsett i kommunens handlingsplan og årlege budsjett.

Næringsramma skal nyttas til å styrke og vidareutvikle eksisterande verksemder, til å fremje etablering av ny næringsverksemd, og til å tiltrekke etablert verksemd. Næringsramma kan og nyttast til tiltak i næringsavdelinga sin regi for arrangement og kurs for næringslivet, til tiltak for å marknadsføre kommunen som ein attraktiv stad å etablere seg, eller sin verksemd.

Føremålet med dei ulike lokale støtteordningane er å oppfylle kommunen sine til ei kvar tid gjeldande målsettingar i kommuneplan, og meir konkrete næringspolitiske målsettingar uttrykt i strategisk næringsplan.

Tiltak frå lag eller organisasjonar som fell mellom næring og kultur/idrett og som bidrar til å marknadsføre kommunen eller har viktige ringverknadar for lokalt næringsliv, kan søke støtte innafor eigen ordning her.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen