(Du er ikke pålogget) 
 

Grøn Region Vestland - Tilskot til utvikling av dei sirkulære hubbane 2027

Opprett ny søknad på støtteordning

Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til vidareutvikling av dei sirkulære hubbane i perioden 2026–2028.
 
Tilskotet skal styrkje samarbeidet i hubbane og føre prioriterte sirkulære initiativ nærare realisering. Målet er å utvikle sirkulære verdikjeder og løysingar som kan gir betre ressursutnytting, reduserte utslepp, framtidsretta arbeidsplassar og varig regional verdiskaping. Utvikling av industrielle symbiosar mellom ulike bedrifter er ein viktig strategi i dette arbeidet. 

Dette er den tredje utlysinga retta mot hubbane i Grøn region Vestland, etter tildelingane i 2022 og 2024. Ordninga byggjer vidare på arbeidet som er gjort, og målet er at hubbane skal utvikle varige samarbeidsstrukturar og eit finansieringsgrunnlag som gjer dei økonomisk sjølvberande på sikt. Tilskotet skal difor utløyse større eigarskap og ressursinnsats frå bedriftene og bidra til å kople dei sirkulære initiativa til andre relevante verkemiddel, investorar og privat kapital. Aktivitetane som får støtte, skal gjennomførast innan utgangen av 2028. 

Den samla ramma for ordninga er 10 millionar kroner. Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 1 million kroner.  

Meir informasjon om utlysinga finn du på nettsida til Vestland fylkeskommune. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen