(Du er ikke pålogget) 
 

Innovasjonsavtalar 2027-2029

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysing av innovasjonsavtalar 2027-2029

Sentrale innovasjonsaktørar i Vestland kan no søkje om innovasjonsavtale med Vestland fylkeskommune. Innovasjonsavtalar er den nye ordninga for samarbeidsavtalar.

Målet for ordninga er å styrke innovasjonsevna, konkurransekrafta og moglegheit for vekst hos små og mellomstore bedrifter i Vestland gjennom samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og sentrale innovasjonsaktørar i heile fylket.

Innovasjonsavtalane er eit verkemiddel for å skape betre samspel mellom offentlege ressursar og dei aktørane som driv innovasjonsarbeid på vegne av fellesskapet. Gjennom tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og innovasjonsaktørane kan vi utnytte ressursar og  kompetanse innan ein bransje eller tematisk område betre, unngå dobbeltarbeid og sikre at innsatsen frå fleire bidragsytarar trekkjer i same retning. 

Meir informasjon om ordninga og kontaktinformasjon finn de på Vestland fylkeskommune si nettside

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen