(Du er ikke pålogget) 
 

Grøn omstilling og berekraftig verdiskaping

Opprett ny søknad på støtteordning

 Målet med ordninga

 Ordninga skal støtte prosjekt som bygger opp under måla i Grønt industriløft Møre og Romsdal. Prosjekta skal kunne gi konkrete konkrete klima- og miljøgevinstar, auka beredskap, ny verdiskaping og sterkare samarbeid mellom bedrifter, kunnskapsmiljø og andre relevante aktørar. 

Kven kan søke? 

Både bedriftssamarbeid, klynger, innovasjonsselskap, forskingsaktørar, UH-institusjonar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar kan søke støtte som del av eit prosjektpartnarskap (konsortium). 
Prosjektpartnarskapet må bestå av minst tre partnarar. Minst to av aktørane i partnarskapet må vere bedrifter. Alle partnarane skal ha ei definert rolle og bidra aktivt i prosjektet.
 

Kva type prosjekt kan få støtte? 

Vi kan gi støtte til prosjekt som:

  • fremmer grøn omstilling og berekraftig utvikling
  • styrker beredskap og omstillingsevne i næringsliv og samfunn
  • har innovasjon eller tydeleg nyskaping
  •  gir verdi for søkaren, partnarane og regionen
  •  har potensial for vidareutvikling etter prosjektperioden
  •  legg til rette for læring, kommunikasjon og spreiing av resultat

 Prosjekta bør vere relevante for satsingane i Grønt industriløft Møre og Romsdal, for eksempel innan grøn maritim næring, biomarin næring, sirkulære huber/verdikjeder eller andre prosjekt som støttar grøn industrivekst i fylket. 

Vilkår du må vere merksam på 

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift eller vedlikehald. 
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad.
  • Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet skal vere basert på faktiske kostnadar avgrensa til 1 100 kroner per time. Dette skal dokumenterast gjennom timelister.
  • Fylkeskommunen kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnadar. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev.
  • Søknader vert vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.

Slik vurderer vi søknaden

Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria: 

1. Kvalitet og innovasjon

  •  Relevans: Kor godt prosjektet svarer på utlysinga og oppfyller vilkåra
  • Innovasjon: Prosjekt må innehalde nyskaping eller stegivs utvikling. Dersom liknande prosjekt finst, skal søknaden forklare kva som er nytt. 
  • Metode: Prosjektet skal ha klare mål og delmål, beskrive korleis dei skal nåast og vise til relevante indikatorar for måloppnåring og effekt. 

2. Effekt og verdiskaping

  • Verdi for søkar og region: Det skal gå tydeleg fram korleis prosjektet skaper verdi for regionen, partnarane og søkaren, og korleis det støttar regionale mål, for eksempel grøn industrivekst og berekraft
  • Vidareutvikling: Prosjektet skal ha potensial og planar for vidareføring gjennom for eksempel nasjonale eller internasjonale ordningar, privat kapital eller anna form for verdiskaping
  • Kommunikasjon og deling: Prosjektet skal beskrive korleis resultat blir formidla til relevante målgrupper. Større prosjekt skal ha ein kommunikasjonsplan. 

3. Gjennomføring

  • Prosjektplan: Søknaden skal vise korleis prosjektet er organisert for nå mål og delmål, gjerne gjennom arbeidspakker og ansvarlege roller
  • Risiko: Prosjektet skal burdere sannsynlege utfordringar og korleis dei skal møte og redusere risiko
  • Ressursbruk: Prosjektet skal vere realistisk, spegle partnarskap og innsats, og synleggjere finansieringskjelder. 

Alle søknadar får karakter 1-7 på kvart kriterium. For å få tilskot må prosjektet ha minst 4 på alle kriterium.
Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling.

Søknadsskjema og søknadsfrist

For å søke må du fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no.

Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. 
Søknadar om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane: 

  • 15. februar 2026 (vedtak 17. mars)
  • 10. april 2026 (vedtak 8. mai)
  • 10. mai 2026 (vedtak 11. juni)
  • 10. august 2026 (vedtak 10. september)
  • 15. september 2026 (vedtak 22. oktober)
  • 1. november 2026 (vedtak 3. desember) 

Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknadar om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen