(Du er ikke pålogget) 
 

Etablererfond for Bergensregionen 2020

Midlene som er satt av for 2020 er nå brukt opp - stengt for å sende inn nye søknader.

 

Etablerarfond Bergensregionen 2020

Vestland fylkeskommune har vidareført ei ordning med tre regionale etablerarfond. Bergensregionen er ein av regionane, og omfattar kommunane Alver Askøy, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Os, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Etablerarfondet vert forvalta av Nordhordland Utviklingsselskap IKS.

 

Aktuelle søkjarar

Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder (kan vere frå 2019 dersom det ikkje har kome i vanleg drift) eller prosjekt som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonføretak reknast også som verksemd i denne samanhengen. Målgruppa er etablerarer og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midler til må vare forankra i en eller flere av kommunene i den regionen det vert søkt om tilskudd i. 

 

Krav til prosjektet

Prosjektet skal ha god kvalitet, søker skal ha god gjennomføringsevne. Verksemda som vert etablert bør på sikt ha et potensiale på minimum eit årsverk og det må vere kommersielt interessant.

Midlane skal gå til etableringsfasen, det er krav om nyetablering.  

 

Kva kan det gis støtte til

Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Som til dømes

  • Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging
  • Nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.

Godtgjersle til eige arbeid vert sett til kr 350,- pr time.

Tilskotet kan ikkje gå til fysiske investeringar. 

Ramme

Det kan maksimalt bli bevilget kr 50.000 pr søknad.

 

Søknadsfrist

Søknadar blir handsama fortløpande, og det blir lagt opp til rask sakshandsaming.

Ingen søknadsfrist

 

Kontakt

Kontaktinformasjon og mer informasjon finnes på denne lenken: https://www.etablerersenteret.no/etablererfond2020/

 

 

 
 
 
 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen