(Du er ikke pålogget) 
 

Habitatkartlegging og planlegging av tiltak for sjøaure

Opprett ny søknad på støtteordning

Temautlysing: Habitatkartlegging og planlegging av tiltak for sjøaure

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit ekstra søkelys på sjøaure gjennom sjøaureprosjektet «Mange bekkar små». Vi ønsker å stimulere til eit ekstra fokus på sjøaurebekkar. Her kan de søke om støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure.

Målet med ordninga:

Habitatkartlegging og tiltaksplanar vil vere grunnlaget for å sikre godt vassmiljø i sjøaurebekkane, og det vil vere eit ledd i å nå målsetningar i Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion.

Kven kan søke?

Kommunar, vassområdeutval, organisasjonar, grunneigarlag og elveeigarlag kan søke støtte.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke støtte til:

- Flaskehalsanalyser

- Habitatkartlegging

- Tiltaksplanar

Ordninga legg opp til å heve kunnskapen i bekkar med sjøaure og å planlegge effektive tiltak for å betre sjøaurebestandane.

Vilkår du må vere merksam på:

Tiltaket må bidra til å følgje opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027

Kartlegging, flaskehalsanalyser og tiltaksplanlegging er grunnlaget for å komme vidare med gjennomføring av habitatforbetrande tiltak i sjøaurevassdrag, og for å vere i posisjon til å søke midlar til tiltaksgjennomføring. Søknad om tilskot til andre tiltak og prosjekt relevant for vassforvaltning kan søkast tilskot til frå vår ordinære tilskotsordning for vassforvaltning. Til informasjon finnast det også ei rekke andre statlege tilskotsordningar for vassmiljøtiltak.

Finansiering av eige arbeid i prosjektet har ein timepris på 1,2 promille av årsløn, maksimalt 1100 kroner per time.

Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnadar. Ytterlegare vilkår blir gitt i tildelingsbrev.

Midlar som blir lyst ut skal løyvast etter gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen. Søknader blir vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.

Slik vurderer vi søknaden

Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria:

Kvalitet

1. Relevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga?

2. Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse.

Effekt

1. Verdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regional vassforvaltningsplan.

2. Moglegheit for vidareutvikling: Det skal kome fram om det er moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, med tanke på vidare tiltaksgjennomføring og bevaring eller forbetring av miljøtilstand etter vassforskrifta.

3. Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultatet kan bli formidla på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan.

Gjennomføring

1. Prosjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar.

2. Risiko: Prosjektet skal drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko.

3. Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder.

Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling.

Søknadsskjema og søknadsfrist

For å søke må du fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no

Søknaden er ei temautlysning. Det er satt av inntil 1 000 000 kroner til ordninga.

Søknadar om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan 10. april 2026 (blir behandla 8. mai). Søknader om mindre enn 500 000 kroner har same frist. Rådgivarar vassforvaltning vurderer og prioriterer innkomne søknader samla etter søknadsfristen er gått ut.

Kontaktpersonar:

Håkon Slutaas, rådgivar, hakon.slutaas@mrfylke.no, tlf:71 28 03 52/975 94 361

Arne Håkon Sandnes, rådgivar arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf:71 28 03 50/408 72 123

Åsa Fredly, rådgivar asa.fredly@mrfylke.no, tlf: 71 28 02 28/924 26 29

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen