(Du er ikke pålogget) 
 

Kunstnarstipend

Opprett ny søknad på støtteordning

Vi gir stipend til profesjonelle kunstnarar som bur og har sitt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ramma er på 1 000 000 kroner.

 

Kva kan du bruke stipendet til?

Stipendet skal brukast til arbeid med konkrete kunstnariske prosjekt, fagleg fordjuping og utvikling. Det kan òg brukast til andre kostnadar knytt direkte til den skapande verksemda.

Søkar skal berre sende inn ein søknad. Alle søknadar blir vurdert til arbeidsstipend og mindre stipend.

Stipendet kan ikkje brukast til å finansiere oppstart av næringsverksemd eller til finansiering av studiar.

 

Kven kan søke stipendet?

Profesjonelle kunstnarar som bur og har sitt virke i Møre og Romsdal.

Søkar må ha kunstnarisk verksemd som sitt hovudvirke.

Søkar må ha kunstfagleg utdanning på bachelornivå eller høgare eller kunne vise til kunstfagleg realkompetanse og profesjonell verksemd.

 

Formål

Kunstnarstipendet har som formål å:

  • fremme kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket
  • stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
  • gi kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
  • gi kunstnarane mogleghet til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid

 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. april kl. 13.00 kvart år. Viss fristen er på ein heilagdag, blir fristen forlenga til første kvardag etter.

I 2024 er 1. april også 2. påskedag. Søknadsfrist i 2024 er derfor 2. april kl. 13.00.

Søknadar som kjem etter fristen vil ikkje bli behandla. 

 

    Slik søker du støtte

    Stipendet opnar for nye søknadar 19. februar, seks veker før søknadsfristen 1. april (i år er søknadsfristen 2. april grunna heilagdag).

     

    Krav til søknaden

    Søknaden skal sendast elektronisk via søknadsskjema. Vedlegg til søknaden skal lastast opp i søknadsskjemaet. Alle vedlegg skal vere i PDF-format. I søknadsskjemaet må du skrive inn følgande:

    1. CV er obligatorisk for alle som søker stipend og skal lastast opp som PDF. Den skal innehalde:

    • relevant kunstnarisk utdanning og kurs
    • kunstnarisk verksemd og produksjon – både gjennomførte og planlagde prosjekter
    • anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege verksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

    2. Vedlegga må vere representative for kunstnarskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av omsyn til komiteane som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

    3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenker. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

    4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

    5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

    6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

     

    Retningslinjer

    Retningslinjer for ordninga finn du i ein PDF, som ligg nedst i utlysningsteksten på nettsida vår, mrfylke.no (lenke opnast i ny fane).

     

    Støtteordninger


    Flere utvalg på støtteordninger
    De siste ordningene innen