(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utvikling av kommunale sykkelstrategiar - 2. gongs utlysing

Tilskot til utvikling av kommunale sykkelstrategiar - 2. utlysing

I 2018 blei det gjennomført ei kartlegging av sykkelinfrastruktur i Knarvik, Kleppestø, Osøyro og Straume etter tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I samband med dette arbeidet blei det laga ein sluttrapport med tilrådingar for vidare arbeid med sykkelsatsing. Ein tilrår mellom anna at kommunane lager si eige sykkelstrategi for å styrke satsinga lokalt.

Etter nytt tilsegn frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, inviterte Hordaland fylkeskommune til at Lindås, Os, Askøy og Fjell kommune i 2019 kunne søke tilskot til utvikling av kommunale sykkelstrategiar. Då ikkje alle pengane frå KMD vart brukt i fyrste omgang, legg Vestland fylkeskommune no ut dei resterande midla til 2. gongs utlysing.

Ei sykkelstrategisatsing  stør opp om måla frå Regional areal- og transportplan for Bergensområdet om at det skal ha eit miljøvenleg, attraktivt og trygt transportsystem som sikrar mobilitet for befolkning og næringsliv. Veksten i persontransporten skal tas med kollektiv, sykkel og gange. 

Kven kan søkje?  

Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden kommune

Kva kan støttast?

  • Utarbeiding av analyser og data som grunnlag for utvikling av kommunale sykkelstrategiar
  • Medverknadsprosessar for involvering av befolkninga og ulike interessegrupper
  • Finansiere prosjektstilling til å utarbeide sykkelstrategi i kommunane

Lista er ikkje uttømmande og fylkeskommunen er opne for andre forslag som stør opp om utviklinga av kommunale sykkelstrategiar.

Vi oppmodar om å utvikle prosjekt med overføringsverdi til andre kommunar.

 Krav til søknaden

Kommunen kan søke om tilskot for inntil 50% av prosjektets kostnader. Det vert lagt vekt på god framdrift og politisk forankring lokalt. Delar av kommunen sitt bidrag kan vere i form av eigeninnsats.

Den totale potten for tilskotsordninga utgjorde 1 200 000 kronar, der ein etter fyrste runde sitt igjen med 142 563 kronar å dele ut. Det er desse ein kan søkje på no i denne utlysinga.

 Fylkeskommunen disponerer desse midla fritt, og vil behovsprøve og vurdere kvar søknad. Ved annan gongs utlysing vil ein også vurdere søknadane opp mot tildelingane ein eventuelt fekk i fyrste runde.

 

 Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker statusoppdatering 1. juni 2020 og endeleg sluttrapport for arbeidet som er gjort innan 1. desember 2020.

Søknadsfristen er 05. mars 2020.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen