(Du er ikke pålogget) 
 

Driftstilskot – eittårig

Opprett ny søknad på støtteordning

Eittårig driftstilskot til frivillige organisasjonar og amatørkultur er først og fremst retta mot regionale organisasjonar/fylkesledd. Ramma for ordninga er inntil 300 000 kroner.

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i minst 5 kommunar i fylket.

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til organisasjonen/amatørkultur.

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

 Politisk verksemd, humanitær verksemd, trussamfunn, studiereiser inn/utland, organisasjonar som samlar inn og fordeler midlar vidare samt verksemder eller institusjonar mv. som får tilskot etter avtale mellom fylkeskommunen og andre offentlege instansar.

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 18. februar, 6 veker før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkjar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen