(Du er ikke pålogget) 
 

Verdiskaping innan kulturelle og kreative næringar

Opprett ny søknad på støtteordning

No kan du søke støtte om tilskot til samarbeid om å utvikle og styrke verdiskapinga innan kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal. Ramma for 2022 er på 600 000 kroner og det er også satt av tilsvarande beløp for 2023.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).


Søknadsfrist

15. feburar 2023

 

Formål med tilskotsordninga

Gjennom tilskotsordninga vil Møre og Romsdal fylkeskommune oppmuntre til samarbeid om innovasjon, berekraft og konkurranseevne gjerne på tvers av bransjar og sektorar. Tilskotet skal legge til rette for nye berekraftige forretningsområde, næringsutvikling, samt å styrke entreprenørskap og innovasjon innan kulturell og kreativ næring.

Kulturell og kreativ næring inkluderer bransjane visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, arkitektur, design, mote, film og dataspel.


Kven kan søke dette tilskotet?

  • Innovasjonsmiljø, f.eks. inkubator, næringshage, hoppid.no-kontor
  • Næringsklynger og nettverk
  • Kunst- og kultur institusjonar
  • Bransjebyggande aktørar

Enkeltverksemder kan søke om midlar frå tilskotsordninga på vegne av etablerte nettverk, næringsklynger eller nye samarbeid. Søker må vere ei juridisk eining, og ha forretningsadresse i Møre og Romsdal. Du kan ikkje søke støtte til prosjekt for enkeltpersonar eller i enkeltverksemder.

Søkar må ha regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring.

 

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan få tilskot til prosjekt eller tiltak som gir auka nærings-, marknads- og forretningskompetanse og/eller betre bransjesamarbeid i Møre og Romsdal.

Du kan også få tilskot til samarbeidsprosjekt som bidreg til å svare på og løyse ei regional utfordring/problem innan kulturell og kreativ næring. Prosjektet skal gje regional meirverdi og varig gevinst for næringa. «Problemet eller utfordringa» skal vere tydeleg formulert i prosjektsøknaden, og det må komme klart frem korleis akkurat ditt prosjekt bidreg til å løyse det.

 

Kva gis det ikkje støtte til?

Vi gir ikkje støtte til ordinær drift, kulturproduksjon eller arrangement (konserter, turnear, framvisingar, utstillingar m.m.) eller forsking.

 

Slik søker du støtte

Søknad skal sendast via Regionalforvalting. Før du sender søknaden, kan du gjerne du kontakte saksbehandlar for å avklare om prosjektet fell innanfor ramma for ordninga. I Regionalforvalting kan du òg følge med på saksbehandlinga.

 

Prioritering for tildeling

Søknaden blir vurdert kvalitativt ut frå fem kriterium. Gjer deg kjent med desse tidleg i prosessen, for å sikre at prosjektet svarer på utlysinga og leverer på alle. Kriteria er:

  • relevans for næringa (dekker eit behov)
  • kvalitet på prosjektet sitt innhald og aktivitetar (resultatmål og tiltak)
  • varige resultat (nytteverdi ut over prosjektet, gevinst og effekt)
  • vilje til å dele prosjektet sine resultat og læring frå arbeidet
  • prosjektleiing og organisering (ansvar)

 

Krav til søknaden

  • Prosjektbeskriving
  • Organisering av prosjektet (leiing og samarbeidspartnarar)
  • Kostnadsplan
  • Finansieringsplan
  • Gevinstar eller forventa effekt

Treng du hjelp til utfylling av søknaden??Ta ein titt på dette dokumentet for innspel til kva vi ser etter i søknaden?(lenke opnast i ny fane).

 

Vilkår for tilskot

Tilskotet gjeld for prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.

Tilskotet er normalt avgrensa inntil femti prosent av det prosjektet kostar.

Tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med. Eigenandel kan både vere i form av anna finansiering (midlar) og arbeidstimar. Ein arbeidstime har verdi på 700 kroner.

 

Klagerett

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

 

Synleggjering

Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at de har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les elles gjeldande vilkår for kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune?(lenke opnast i ny fane).

 

Krav til rapportering

Rapporten og utbetalingsoppmodning sendast inn via Regionalforvaltning innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen