(Du er ikke pålogget) 
 

Bedriftsintern opplæring 2 (BIO 2)

Bedriftsintern opplæring i samband med korona-epidemien («BIO 2»)

OBS! Frist for å sende søknad er 26.juni 2020.

Formål:

Målgruppa for ordninga er bedrifter som ønskjer å legge til rette for kompetanseheving for sine tilsette.

Formålet med ordninga er å legge til rette for nettbasert opplæring innanfor ulike kompetanseområde som vil medverke til omstilling når aktiviteten i bedrifta tek seg opp att. Ordninga er open for bedrifter i alle bransjar i Møre og Romsdal.

Ordninga er primært retta mot personar som er heilt eller delvis permittert, men personar som ikkje er permittert kan også inngå i prosjektet.

Kva kan du søke tilskot til?
«BIO 2» kan omfatte alle eksterne kostnadar knytt til nettbaserte opplæringstilbod som kjem i tillegg til bedrifta si ordinære opplæring.  

  • Fylkeskommunen kan støtte inntil 100 prosent av bedriftas eksterne opplæringskostnadar, til dømes kursutgifter, deltakaravgifter og liknande

  • Fylkeskommunen kan også dekke bedriftas interne kostnadar knytt til utvikling og gjennomføring av slik opplæring, dersom ein heller vil bruke interne ressursar.

  • Fylkeskommunen kan dekke inntil 100 prosent av kostnadane ved å legge til rette for nettbaserte opplæringstilbod for bedrifter.

Fylkeskommunen kan ikkje dekke løn til deltakarane på opplæringstiltaket.

Kven kan søke?
Enkeltbedrifter og samanslutningar av bedrifter som ønsker å gjennomføre nettbaserte kompetansehevingstiltak for sine tilsette.

Samanslutningar av bedrifter, til dømes klyngeprosjekt, næringsforeiningar, destinasjonsselskap, næringshagar etc. kan søke om støtte til å legge til rette for nettbaserte opplæringstiltak for sine medlemmar.

Vi oppfordrar små og mellomstore bedrifter til å gå saman om felles søknadar, t.d. gjennom næringsforeiningar, bedriftsnettverk, næringsklynger eller bransjeorganisasjonar.
 

Søknadsfrist:
Vi vil handsame søknadar løpande.

Korleis søker du:
Alle søknadar skal gå gjennom https://www.regionalforvaltning.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen