(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Lom kommune, COVID19

Opprett ny søknad på støtteordning

Lom kommune har fått tildelt ca. 1,7 millionar i ekstraordinært tilskot til kommunale næringsfond. 

Midlane skal forvaltast i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". 

Kort om ordninga: 

  • Tilskotet kan gjevast til bedrifter eller andre næringsaktørar
  • Tilskotet skal normalt ikkje overstige 50%, og aldri over 75%
  • Støtta skal ikkje gå til drift
  • Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av korona-viruset
  • Betydninga av arbeidsplassar, verdiskapning og økonomisk aktivitet skal vektleggjast

    I vurderinga av søknadane om tilskot skal det leggjast vekt på: 
  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan motverke negative verkningar av Covid-19-utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gong

Frist til å sende inn søknad i Lom kommune: 

1. oktober (behandling i formannskapsmøtet den 26. oktober)

1. november (behandling i formannskapet den 8. desember)

Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild M.Amundsen før du sender inn / starter på ein søknad, ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977. 

Vilkåra er behandla i kommunestyret den 8. september. 

Her står det m.a. følgjande: 

  1. Eksisterande regelverk for bruk av næringsfondet blir vektlagt i saksbehandlinga, så sant det ikkje er i konflikt med midlertidig forskrift for bruk av kommunale næringsfond.
  2. Det blir lågare terskel for å gi støtte til investeringar enn det som er vanleg praksis.
  3. Alle saker blir handsama i formannskapet som er fondsstyret, uavhengig av storleik.
  4. Søknadsskjemaet blir opna opp på regionalforvaltning.no 2. september.
  5. Det kan gjevast støtte til jordbruksbasert næring, men tiltak som gir auka sysselsetting og verdiskaping skal prioriterast.
  6. Andre støtteordningar (t.d. Innovasjon Norge) skal alltid vurderast fyrst.

Saksframlegget, webinar om ordninga m.m. kan du finne på heimeside til kommunen. 
Eksistrerande regelverk for bruk av næringsfondet finn du her:

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen