(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond 2020 - Gjemnes kommune

Kommunalt næringsfond i Gjemnes kommune 2020.

Kven kan søke?

• Bedrifter

• Organisasjonar som driv næringsutviklingsarbeid.

• Dei som tidligare har søkt trenger ikkje gjere det på nytt.

 

Kva skal det brukast til?

Formålet er å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping. Skal ha betydning for utvikling i sysselsetjing og tal arbeidsplassar, og utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet.

• Det kan gjevast tilskot til bedrifter, og til aktørar som legg til rette for næringsutvikling (unntaksvis til kommunane sjølve).

• Ved vurdering av søknadane skal kommunane legge vekt på:

  • Om tiltaket treff formålet med ordninga
  • I kor stor grad tiltaka vil motvirke utfordringar skapt av covid-19-utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang

• Som hovudregel skal tilskotet avgrensast til 50 prosent av kostnadsoverslaget, men unntaksvis kan det innvilgast inntil 75 prosent tilskot.

• Alle søknader og tildelingar skal gå gjennom regionalforvaltning.no

• Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

• Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men inntil 15 prosent kan bli betalt ut ved oppstart

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen