(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond

Kven kan søke?

Både verksemder og privatpersonar kan søke om støtte frå næringsfondet. For å verte vurdert må støtta gjelde ei reell nyinvestering, der søkjar tek ein økonomisk risiko. Nyetableringar vil verte føretrekt framfor vidareutvikling.

Søknad:
Søknaden skal leverast elektronisk. Du finn skjema HER.

Søknaden må innehalde ei utgreiing om søkjaren, forretningsidé, kapitalbehov, framdriftsplan og driftsbudsjett.

Forretningsidé:
Forretningskonseptet skal vere realistisk, nøkternt og gjennomførbart.

Kapitalbehov:
Kapitalbehovet for prosjekta må ligge innanfor grensene sett i tildelingsbrevet frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Maks kapitalbehov sett til kr 300 000. Søknader der kostnadene vert større enn dette, skal sendast til Innovasjon Norge. Tilskotet frå Næringsfondet kan ikkje overstige 50 % av samla kapitalbehov.

Avgrensingar:

  • Dersom det er gitt tilskot til verksemda frå næringsfondet innanfor dei siste tre åra, kan dette gje grunnlag for reduksjon/avslag.
  • Arbeid gjennomført av søkar eller tilsette i selskapet gjev normalt ikkje grunnlag for tilskot.
  • Midlane kan ikkje nyttast til sanering av gjeld, driftstilskot til verksemder eller til å finansiere den ordinære kommunale drifta.
  • Midlane kan ikkje nyttast til å teikne kommunal aksjekapital eller andeler i privat næringsverksemd.
  • Om verksemda har fått tilskot på over 200 000 euro i løpet av dei siste 3 åra kan ein ikkje søke støtte frå næringsfondet, jf. Kommisjonsforordningen (EF) nr 1998/2006 §17.

Tildeling:
Det vil vere tildeling frå Næringsfondet 2 gonger kvart år. Fristar for innlevering av søknader er 1. april og 1. oktober.
Bevilgande styresmakt:

Kommunestyret delegerer til Formannskapet å vere styre for Næringsfondet. Formannskapet tek avgjerd i sakene etter tilråding frå administrasjonen, og fastset vilkåra for støtte i kvar einskild sak.

Utbetaling:
Utbetaling skjer i ettertid mot levert kvittering på kjøp. Utbetaling skjer til søkjarens/tiltakets bankkonto.

Tilbakemelding:
Formannskapet skal ha tilbakemelding om tiltaket si framdrift seinast 12 månader etter innvilga tilskot. Tilbakemeldinga skal innehalde opplysningar om utviklinga i høve til framlagt budsjett, ei generell vurdering av viktigheita av tilskotet frå næringsfondet og resultatrekneskap/ årsmelding.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen