(Du er ikke pålogget) 
 

Øygarden kommune - Kommunalt næringsfond – Covid-19

Øygarden kommune - Kommunalt næringsfond – Covid-19

Øygarden kommune har i samband med Covid-19-pandemien fått tildelt ekstraordinære midlar som skal fordelast gjennom næringsfondet til kommunen. Tilskotsordninga fell innunder "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samband med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 600 millionar kroner til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følgje av virusutbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 millionar kroner. Øygarden kommune er tildelt  2 771 518 kroner av desse midlane.

Målgrupper i Øygarden kommune:

Bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktør vert definerte som ein aktør som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling.

Kriterium frå KMD er:

  • Det skal nyttast www.Regionalforvaltning.no i utlysning, søknad og rapportering på bruk av verkemidla
  • Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar og skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig
  • Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet vert vektlagt
  • Kriteria for måloppnåing er utvikling i sysselsetting og antall arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst
  • Støtta skal gis i samsvar med regelverket om offentleg støtte

Vurdering ved tildeling:

Dei ekstraordinære midlane kan gjevast som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnadar. Midla skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak. Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast. Det er ønskjeleg at innsatsen bidreg til å styrka t.d. digitalisering, det grøne skiftet og sirkulærøkonomi i næringslivet. Men her er det fleire moglegheiter, og ta gjerne kontakt om du har eit prosjekt/tiltak som du ønskjer å vita om er innafor kriteria.

Bruken av kommunalt næringsfond må sjåast i samanheng med andre kommunale, regionale og statlege verkemidlar for å sikra best mogleg effekt og hindra dobbeltfinansiering.  

Ved tildeling skal det leggjast vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, auka sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vert rekna å motverka negative verknader av covid 19-utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Øygarden kommune skal vurdera måloppnåing og rapportera tilbake til KMD om:

  1. Utviklinga i sysselsetjing og tal arbeidsplassar
  2. Utviklinga i verdiskaping og økonomisk aktivitet

I Øygarden kommune vert vurderinga gjort av arbeidsgruppe for lokal tiltakspakke for næringslivet. Styringsgruppe er Øygarden formannskap.

Tilskot:

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 % av kapitalbehovet til prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 %.

Tilskotet vert gjeve etter reglane for offentleg støtte, og gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det almenne gruppeunntaket skal følgjast. Alle tilskot gjevne etter reglar om offentleg støtte, skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Midlane skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midlar som vert tildelt på feilaktig grunnlag skal betalast tilbake. Dette gjeld også dersom tiltaket ikkje vert gjennomført eller starta opp.

Søknader og saksbehandling
Søknad med nødvendige opplysingar og vedlegg skal sendast inn via 
www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen som post eller e-post. 


Søknadsfrist er 20. oktober 2020 

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkjast om utsetjing.

Utbetaling

Tilskot vert utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etter kvart som mottakar av tilskotet kan dokumentera framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det nødvendig med tilskot for at prosjektet skal koma i gong, kan inntil 15 % av tilskotet utbetalast ved oppstarten av tiltaket.

Søknadsskjema: www.regionalforvaltning.no

 
What do you want to do ?
New mail
 
What do you want to do ?
New mail
 
What do you want to do ?
New mail

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen