(Du er ikke pålogget) 
 

Sunnfjord kommune, ekstraordinært kommunalt næringsfond Covid-19

Opprett ny søknad på støtteordning

Ekstraordinært tilskot til kommunalt næringsfond 2020 i samband med Covid-19

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følgje av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Sunnfjord kommune skulle få eit tilskot på kr 1 948 924.

Sunnfjord kommune vedtok i Formannskapet 20.08.20 å delegere til Sunnfjord Utvikling å forvalte eingangsløyving på kr 1 948 924 i samsvar med nasjonale føringar for bruken av midlane.

KMD har utarbeidd «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet» Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • tiltak som motverkar negative verknader av Covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Alle tilskot etter reglane for offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no. Gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgjast.

KMD legg også til grunn delar av «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler» skal gjelde. Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

  1. Søknad om tilskot skal sendast gjennom regionalforvaltning.no
  2. Kommunen som forvaltar skal etablere rutinar for å sikre god internkontroll, samt føre tilsyn med at krav i forskrifter og tilskotsvedtak vert oppfylt.
  3. Feil forvalting og feil bruk av tilskotsmidlane kan medføre krav om tilbakebetaling frå departementet.
  4. Den ansvarlege forvaltaren skal rapportere i tråd med rapporteringskrava i regionalforvaltning.no

 

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.

Kontaktperson: Solbjørg Grøneng, e-post: solbjorg.groneng@sunnfjord.no Mobil 91 39 51 11

 

Søknader vert handsama fortløpande

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen