(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Lærdal – covid 19-midlar

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Lærdal kommune skulle få eit tilskot på kr 753 511

KMD har utarbeidd «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet» Hovudpunkta i forskrifta er styrande i vurderinga av søknader.

Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadene vil det særleg bli lagt vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang
  • tiltaka kan vera: bedriftsutvikling, kompetanseheving, marknadsføring, investeringar
  • verksemder som kan dokumentera særskilt negativ påverknad av covid 19-utbrotet og/eller sannsynleggjera framtid mogleg stor negativ påverknad av utbrotet vil bli prioriterte

Alle tilskot skal etter reglane for KRD sine tilskotspostar, forvalta av fylkeskommunane, registrerast i regionalforvaltning.no. Gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgjast.

KMD legg også til grunn delar av «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler» skal gjelde.

Du kan no søkje på desse midlane i Lærdal kommune sitt kommunale næringsfond i samband med covid-19 på regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er 5. oktober 2020 kl. 0800. Det vil bli ei ny utlysing av midlane dersom dei ikkje blir tildelt fullt ut i første omgang.

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.

Kontaktperson:

Ole Ramshus Sælthun, e-post: ole@laerdalnu.no, mobil 97 73 69 94

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen