(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstraordinært kommunalt næringsfond 2020 Covid-19 - Hareid kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Søknadar blir handsama fortløpande.
Koronapandemien har gitt auka arbeidsløyse og redusert økonomisk aktivitet. Regjeringa har difor løyvd midlar til blant anna eigne kommunale næringsfond – totalt 600 millionar kroner. Fonda skal legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping.
Midlane til næringsfond går til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19. Hareid kommune har fått tildelt 1,87 millionar kroner.
Kven kan søke støtte?
Målgruppa er små- og mellomstore bedrifter eller andre næringsaktørar som legg til rette for vidare næringsutvikling. Tiltaka som ein søker midlar til skal motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet og vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.

Kva legg vi vekt på når vi vurderer søknadane?
I vurderinga av søknadane om tilskot blir det særlig lagt vekt på
•    i kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
•    i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vert antatt å motverke negative verknadar av covid-19-utbrotet
•    kor raskt tiltaket kan settast i gang

Andre krav:
•    Tilskotet skal ikkje gå til å dekke ordinære driftskostnader.
•    Tilskotet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket.
•    Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektets kapitalbehov.
•    For tiltak som i særleg grad oppfyller målsettingane kan ein unntaksvis vurdere tilskot opp til 75 prosent.
•    Eigeninnsats kan godkjennast som søkar sin eigendel av finansieringa, innanfor ei øvre grense. Estimert timeanslag og timepris må dokumenterast i søknaden.
•    Meir informasjon om ordninga får du i "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Andre støtteordningar
•    Kommunale næringsfond skal primært nyttast på dei små og mellomstore lokale bedriftene, og til prosjekt som ikkje heilt fyller krava hos Innovasjon Norge, men som for bedrifta likevel vil vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.
•    Til nyetablerarar som vil avklare om ein forretningside er liv laga, er hoppid.no-midlane det rette verktyet.


Når blir søknadane behandla?
Det er næring- og miljøutvalet (NMU) som handsamar søknadane.
Vi behandlar søknadar fortløpande så lenge der er midlar i fondet.
Ein søknad må leverast inn 14 dagar før eit møte i NMU for å vere sikra handsaming i aktuelt møte.
Det gir følgande fristar:
•    15. september (møtedato: 29. september)
•    20. oktober (møtedato: 3. november)
•    3. november (møtedato: 17. november)


Offentlege opplysningar
Opplysningar som vert gitt i søknaden, vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentleglova.
Andre reglar
Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen