(Du er ikke pålogget) 
 

Bjørnafjorden kommune - Kommunalt næringsfond - covid-19

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt ekstraordinære middel til næringsfondet grunna Covid-19 pandemien. Ordninga fell inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 600 mill. kroner til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner. Bjørnafjorden kommune har fått tildelt 1 900 281 kroner av desse midla.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Kriterier frå KMD er:

  • Det skal nyttast www.Regionalforvaltning.no i utlysning, søknad og rapportering på bruk av verkemidla
  • Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar og skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig
  • Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet blir vektlagt
  • Kriteria for måloppnåing er utvikling i sysselsetting og antall arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst
  • Støtta skal gis i tråd med regelverket om offentleg støtte

For Bjørnafjorden kommune sin del legges søknadsskjema ut på Regionalforvaltning.no med søknadsfrist 1. oktober 2020.  

Vurdering ved tildeling. Dei ekstraordinære midla kan gis som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnadar. Midla skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak. Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast. Det er ønskeleg at innsatsen bidreg til å styrke digitalisering, sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i næringslivet.

Bruken av kommunalt næringsfond må sjåast i sammenheng med andre kommunale, regionale og statlige virkemidler for å sikre best mogleg effekt og forhindre dobbeltfinansiering.  

Ved tildeling skal det leggast vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, auka sysselsetning og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motvirke negative verknader av covid 19-utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan settast i gang

Bjørnafjorden kommune skal vurdere måloppnåing og rapportere tilbake til KMD om:

  1. Utviklinga i sysselsetting og antall arbeidsplassar
  2. Utviklinga i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Tilskot 
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Tilskotet blir gitt etter reglane for offentleg støtte, og gjeldande satser i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelige gruppeunntaket skal følgast. Alle tilskot gitt etter regla om offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Midla skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midler tildelt på feilaktig grunnlag skal tilbakebetalast.

Søknader og saksbehandling
Søknad med nødvendige opplysninger og vedlegg skal sendes inn via 
www.regionalforvaltning.no og ikke direkte til kommunen som post eller e post. 
Søknadsfrist er 1. oktober 2020.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkast om utsetting.

Utbetaling

Tilskuddsmidla blir utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etterkvart som tilskuddsmottaker dokumenterer framdriften i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstarten av tiltaket.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen