(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Solund kommune (Covid19)

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Solund kommuine skulle få eit tilskot på kr. 530.594. 

KMD har utarbeidd «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet» Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

? Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Alle tilskot etter reglane for offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no. Gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgjast.

KMD legg også til grunn delar av «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler» skal gjelda. Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

  1. Søknad om tilskot skal sendast gjennom regionalforvaltning.no
  2. Kommunen som forvaltar skal etablere rutinar for å sikre god internkontroll, samt føre tilsyn med at krav i forskrifter og tilskotsvedtak vert oppfylt.
  3. Feil forvalting og feil bruk av tilskotsmidlane kan medføre krav om tilbakebetaling frå departementet.
  4. Den ansvarlege forvaltaren skal rapporterer i tråd med rapporteringskrava i regionalforvaltning.no

Sjå elles den ordinære informasjonssida om næringsfond for meir informasjon om korleis du søkjer om næringsfondmidlar. Du søkjer om midlar på regionalforvaltning.no.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen