(Du er ikke pålogget) 
 

Askvoll kommune, ekstraordinært kommunalt næringsfond Covid-19

Askvoll kommune har fått tildelt ekstraordinære midlar til kommunalt næringsfond 2020 i samband med Covid-19 og lyser med dette ut midlar til næringsaktørar som har blitt negativt påverka av koronavirusutbrotet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samband med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet. Hovudutval for næring har fordelt midlane mellom kommunane i Vestland fylke, og Askvoll kommune er tildelt 1 009 830 kroner.

Tilskotsordninga skal sette verksemder i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

KMD har utarbeidd  "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". Alle søkerar må sette seg inn i retningslinene før søknad sendast inn. Under er nokre av hovudpunkta i forskrifta.

Kven kan søke om støtte?
Det kan gjevast tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling.

Vurdering av søknader
I vurderinga av søknadene vert det lagt særleg vekt på:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • i kor stor grad tiltaka vert antake å motverke negative verknader av Covid-19-utbrotet
  • kor tiltak som kjem raskt i gang

Askvoll kommune skal vurdere måloppnåing og vil vurdere søknader ut frå korleis dei bidrar til:

  • utviklinga i sysselsetting og tal arbeidsplassar
  • utviklinga i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Bruken av kommunalt næringsfond må sjåast i samband med andre kommunale, regionale og statlige verkemidlar for å sikre best mogleg effekt og forhindre dobbeltfinansiering. Tilskot frå støtteordninga vert gjeve i tråd med regelverket for offentleg støtte og søkjer må av den grunn oppgje naudsynt informasjon for å kvalifisere innanfor dette regelverket. All naudsynt informasjon knytt til dette kan svarast på i søknadsskjema eller som vedlegg til søknaden. 

Tilskot 
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent. Midlane skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnadar.

Utbetaling av tilskot
Tilskotsmidlane blir utbetalt etterskotsvis, men kan likevel delvis utbetalast etter kvart som mottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet kan komme i gang, kan inntil 15 % av tilskotet bli utbetalt ved start av tiltaket.

Søknader og sakshandsaming
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendes inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen som post eller e-post. 

Søknadsportalen er open frå om med 11.09.2020. Søknadsfrist er 20. oktober og 20. november 2020. Ta gjerne kontakt med næringsrådgjevar før du sender inn søknaden din.

Har du spørsmål, kontakt næringsrådgjevar Arve Åsnes, arve.asnes@askvoll.kommune.no eller telefon 577 30 727. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen