(Du er ikke pålogget) 
 

LivOGLyst Vestland

Elektronisk søknad om deltaking i LivOGLyst 2024. 
Søkjar må sende søknad om pre-kvalifisering i dette systemet innan 1. november 2023.

 

Korleis opprette søknad: 

 

  1. Registrer deg som søkjar eller organisasjonwww.regionalforvaltning.no
  2. Opprett søknad på utlyst støtteordning (LivOGLyst Vestland)
  3.   Merk: Under fanen "Beskrivelse" skriv "2024" under "År"
  4.   Fyll ut søknaden, lagre undervegs
  5.   Hugs å trykke SEND!

 

Krav til søknaden 
Søknadsbeløp: 
For 1-årig forprosjekt (mobilisering og prosjektutvikling): kr 80.000. 
For 3-årige hovudprosjekt: 300.000 (100.000 kr pr. år). 

 

Prosjektgrunnlag: 

 

Beskriv kort bakgrunn for prosjektet med utgangspunkt i lokalsamfunnet sin status for folketal, næring, skular, barnehage og møteplassar. 

 

Beskriv utfordringar dykkar lokalsamfunn har og kva potensiale og moglegheiter de ser. 
 

Prosjektmål: 
Beskriv overordna mål og hovudmål. 

Aktivitetar og tidsplan: 
1-årig forprosjekt: mobilisering og prosjektutvikling. 

 
Tiltak: Nettverksdeltaking og kompetanseheving, brei mobilisering med deltaking frå ulike aldersgrupper og sosiale grupperingar og næringsliv. Kartlegging, planlegging, og prosjektplan som dannar grunnlag for søknad om tre-årleg støtte. Kommunen er aktivt med. 

3-årige hovudprosjekt: 

 
Tiltak: Fortsetting av mobiliseringsprosessar; skapa utviklingslyst og stadig få fleire med og skape auka aktivitet og nye tiltak ut frå lokalsamfunnet sine ynskjer og behov. Nettverksdeltaking og kompetanseheving. Enkel rapportering. 
Organisering: 
Organisering og rolleavklaring. Det er viktig at det vert sett hovudansvarleg for dei ulike tiltak og aktivitetar. 

 

Kostnader og finansieringsplan: 
Kostnadsplan: 

 

    • Prosjektleiing (maks 50 % av søknadsbeløpet) 
    • Nettverksdeltaking og kompetanseheving 
    • Tiltak: Mobiliseringstiltak, lokalsamfunnsutviklingstiltak, entreprenørskap og trivselstiltak. Dette skal synleggjerast i prosjektplan. 
 

Finansieringsplan: 

    • LivOGLyst 
    • Kommunen 
    • Eigeninnsats 
 

 

 

Vilkår for tildeling: 

  •  Krav om kommunal deltaking. Det skal bli utpeika ein kontaktperson frå kommunen. 
  •  For 3-årig søkjarar er det i tillegg eit krav om at kommunen må medverke med minst kr 30.000 årleg til prosjektet
  •  Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet
  •  Rapportering

 

Søknad om pre-kvalifisering innan 1. november 2023. 
Søknadar som går vidare til neste runde vil få tilbakemelding, og ein endeleg søknadsfrist kring 1. desember 2023.

 

 

 

 

Sjå meir informasjon om LivOGLyst-programmet her:?https://www.vestlandfylke.no/livoglyst? 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen