(Du er ikke pålogget) 
 

Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar

Opprett ny søknad på støtteordning

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet og bidra til å legge til rette for og stimulere til kulturarrangement i Møre og Romsdal. Den økonomiske ramma for ordninga er 1 000 000 kroner for 2021.

Frå 16.02.21 vil konsertstøtteordninga inngå i arrangørtilskotet for innleige av profesjonelle musikarar jf. sak i kultur-, næring- og folkehelseutvalet KNF-7/21. 

Formålet med ordninga er å stimulere til høg kvalitet i kulturarrangement i fylket, støtte opp om dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet og legge til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket. Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar som er busette i Møre og Romsdal og utanfor fylket. Vilkåra i tilskotsordninga skal spegle dette. Liste over frilans Møremusikarar som er busette i fylket kjem om kort tid.

Kven kan søke?

Konsertarrangørar, kulturinstitusjonar, det frivillige musikklivet og det lokale næringslivet. Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding. Tildelingsbrevet gir opplysningar om tildelt sum, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.

Kva kan du søke tilskot til?

Profesjonelle musikarar til instruksjonsoppdrag, alle typar konsertar, akkompagnement, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensemble, medverknad i profesjonelle ensemble, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Prioritering og tildeling:

  • Arrangement med profesjonelle musikarar busett i fylket
  • Arrangement der det frivillige samarbeider med profesjonelle musikarar på scena.
  • Tilskota blir også fordelt med omsyn til type arrangement, geografi, tal på søknadar, skjønn og ramma for ordninga.

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

Kommunar (inklusiv kulturskolar), fylkeskommunen, undervisningsinstitusjonar og private arrangement.

Søknadsfrist:

15. februar, 15. mai, 15. september og 15. november

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga er open heile året og behandlast etter fire søknadsfristar. Du kan søke støtte til ditt arrangement via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør, kontaktperson, arrangement og organisasjonsnummer
  • Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale og kommune)
  • Arrangementstype til dømes ulike konsertar, assistansespel, instruksjon, seminar
  • Namn på profesjonelle musikarar ein ønskjer eller har avtalt å leige inn samt eventuelt frivillige som skal stå på scenen saman med profesjonelle musikarar
  • Søknadssum basert på musikaren sin tidsbruk og reisekostnader
  • Kort beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar, samarbeidspartar og program

Vilkår for tilskot:

  • Innleigde profesjonelle musikarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo sine satsar, eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
  • Godtgjering for reise, diett og naudsynt overnatting skal skje etter Statens regulativ (lenke opnast i ny fane).
  • Det skal gå klart fram av kunngjering (annonse/plakatar/program o.l.) at arrangementet blir støtta av Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Logo finn de her (lenke opnast i ny fane).

Krav til rapportering:

  • Arrangør må sende inn rapport med rekneskap seinast 2 månader etter arrangementsdato, eller den frist som går fram av tildelingsbrevet.
  • Rapporten skal innehalde rekneskapsrapport for prosjektet/aktiviteten, der ein synleggjer musikarhonorar og støtta frå Møre og Romsdal fylkeskommune i eigne postar.
  • Rapporten skal også innehalde namn på musikar(ar) som vart brukt, kort beskriving av arrangementet og tal på deltakarar/publikum.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen