(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Utviklingsstøtte 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Utviklingsstøtte til distriktsbutikkar

Nærbutikk er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etablert ei ordning der dei aller minste butikkane kan søkje om utviklingsstøtte.

Målet med støtteordninga er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar forvaltar støtteordninga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2021 er det løyvd til saman 49,7 mill. kroner til kompetanseprogrammet og støtteordningane i Merkur-programmet.

Merkur-programmet arbeider for at daglegvarebutikkane skal få tilleggstenester som fører til at butikken blir meir lønnsam, samtidig som innbyggjarane i lokalsamfunnet får betre tenester.

Støtteordninga gjeld i utgangspunktet for Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanse-program. Bokhandlar som har deltatt i Merkurs kompetanseprogram, er òg omfatta av støtteordningane, men søkjer på ei eiga ordning "Utviklingsstøtte til bokhandel".

Utviklingsstøtta skal i hovudsak gå til utviklingstiltak og tilrettelegging for tilleggsfunksjonar ut over vanleg butikkdrift. Maksimal støtte pr. butikk er 50.000 kr. pr. år. Minimum søknadsbeløp er kr. 25.000 pr. søknad.

Det er utarbeidd eit regelverk med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Mellom anna må butikken liggje åleine på ei øy eller ha minst 20 km avstand til nærmaste alternative butikk, og ha under kr. 7 mill. i daglegvareomsetning, og vere open heile året.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

For å opprette ein søknad, gå inn på her:  https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx.  Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre,  eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.

For meir informasjon: Merkur-programmet 

Kontaktperson: 
Sissel Karin Hals, avdelingsleiar for støtteordningar 
Tlf 994 57 387  
Epost

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen