(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Drivstoffanlegg 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Tilgang på drivstoff er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor etablert ei ordning med investeringsstøtte til drivstoffanlegg.  

Målet med støtteordninga er å trygge drivstofftilgangen i dei mest perifere distriktsområda. Ordninga skal medverke til naudsynt oppgradering av eksisterande anlegg knytte til daglegvarebutikkar, eller støtte etablering av nye drivstoffanlegg.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar forvaltar støtteordninga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2021 er det løyvd til saman 49,7 mill. kroner til kompetanseprogrammet og støtteordningane i Merkur-programmet.

Merkur-programmet arbeider for at daglegvarebutikkane skal få tilleggstenester som fører til at butikken blir meir lønnsam, samtidig som innbyggjarane i lokalsamfunnet får betre tenester. Etablering og drift av drivstoffanlegg er eksempel på ei slik tilleggsteneste.

Støtteordninga gjeld i hovudsak drivstoffanlegg som er knytt til Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanse-program.

Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i særskilde høve også bli omfatta av ordninga. Føresetnaden er då at avtanden er spesielt lang til alternative drivstoffanlegg, og at anlegget er avgjerande for å sikre lokalsamfunna tilgang på drivstoff.

Investeringsstøtta skal i hovudsak gå til opprustning av eksisterande anlegg. Det kan søkjast om støtte til investeringar i både stasjonære og mobile drivstoffanlegg. Anlegg eigd av oljeselskap blir ikkje omfatta av støtteordninga. Maksimal støtte pr. anlegg er 600.000 kr. pr. år.

Det er utarbeidd eit regelverk med klare vilkår når det gjeld omsetning og avstand til næraste butikk. Hovudregelen er at det skal vere maksimalt salsvolum må vere maksimum 500.000 liter pr. år.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

For å opprette ein søknad, gå inn på her:  https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx.  Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre,  eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.

For meir informasjon: Merkur-programmet

Kontaktperson:
Sissel Karin Hals, avdelingsleiar for støtteordningar
Tlf 994 57 387 
Epost

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen