(Du er ikke pålogget) 
 

Kvam - Kommunal kompensasjonsordning for lokale bedrifter okt. 21

Kvam herad har motteke kr. 2 193 000.-  frå ei ny runde med kommunal kompensasjonsordning for å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

 

“ Den kommunale kompensasjonsordningen for lokale virksomheter har vært viktig for å sikre verdier og jobber i hele landet, gjennom denne svært krevende perioden. Nå øker aktiviteten i økonomien raskt, men enkelte bransjer trenger fortsatt hjelp for å passere den siste kneika, sier Linda Hofstad Helleland, distrikts- og digitaliseringsminister.

 

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet

Målet med ordninga og tilskotet er å setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder i næringa, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskotet skal derfor særleg bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter som er avhengig av turisme fra land utenfor EØS-området, og derfor framleis er ramma av pandemien..

 

Desse kan søkje om kompensasjon:

  1. Bedrifter som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga.
  2. Lokale verksemder som er hardt ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg reiselivsverksemder sine kostnader eller tap som fylgje av smitteverntiltak og nedstenging.
 

Krav til søknad:

Søknad om støtte skal registrerast på www.regionalforvaltning.no i eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga med desse krava til søknaden:

  • Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi og tapte inntekter
  • Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte

Vedlegg til søknaden: Kort grunngjeving for søknaden

        Rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar

 

Krav til bruk av tilskotet:

Statsstøtteregelverket : Kommunal støtte til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

 

Søknadane vert handsama av administrasjonen i november med mål om utbetaling i desember 2021.

 

Kontaktperson i Kvam herad: Jan Tjosås, epost: jan.tjosaas@kvam.kommune.no, mobil: 92018912

 

Søknadsfrist 31.10.2021

 

Link til søknadskjema finn de på www.kvam.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen