(Du er ikke pålogget) 
 

Vestnes kommune - Kommunal kompensasjonsordning

Opprett ny søknad på støtteordning

KOMPENSAJSONSORDNING FOR LOKALE VERKSEMDER

Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for lokale verksemder. Dette som del av dei økonomiske tiltaka knytt til ringverknadene av Covid-19- pandemien. Kommunane har ansvaret for å fordele midla og Vestnes kommune har motteke kr 600 772,- til fordeling innanfor ordninga.

Kommunestyret vedtok i sitt møte den 25. mars (KST-sak 34/21) retningslinjer for handteringa av ordninga i Vestnes.

Alle næringsverksemder med forretningsadresse i Vestnes og som fyller vilkåra kan søke, uavhengig av bransje.

Det skal søkast skriftleg via søknadsskjema i portalen www.regionalforvaltning.no

I søknaden skal minimum følgjande forhold dokumenterast:

  1. At verksemda har hatt omsetningssvikt og/eller meirutgifter som følgje av lokale eller nasjonale smitteverntiltak
  2. At verksemda heilt eller delvis har falle utanfor andre nasjonale kompensasjonsordningar

Opplysningane kring økonomi skal attesterast av revisor eller autorisert rekneskapsførar. Verksemdene som søker må fylle vilkår for såkalla «bagatellmessig støtte» i regelverket kring statstøtte innan EU/EØS. Det vil seie at verksemda ikkje kan ha motteke meir enn 200 000 euro i offentleg støtte siste 3 år.

Det er det politisk oppnemnde Næringsfondsutvalet som vil behandle søknadane og tildele støtte. Det er eit avgrensa beløp Vestnes Kommune har fått til fordeling og dersom søknadsbeløpet overstig beløpet kommunen har til fordeling vil Næringsfondsutvalet foreta ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen