(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Solund kommune

Solund kommune er tildelt 500.000 kroner til kommunal kompensasjonsordning, løyvd av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for små og mellomstore lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader.
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet.
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Solund kommune
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga

Søknadsfrist:
Det vert sett frist til 1. mai 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:

Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Solund kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen