(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utbygging av breiband i Vestland 2021

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utbygging av breiband i fylket. Kommunane kan søkje om tilskot til område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut. Det er sett av inntil 22 mill. kr. til ordninga i 2021.

Prosjekt som kan få støtte under ordninga er:

Utbygging i område som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare, det vil seie kvite NGA-områder.

Det er krav frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at utbygginga skal gje tilbod om breiband med minst 30 Mbit/s nedlastingshastigheit og 5 Mbit/s oppstraums hastigheit. I praksis er det ynskje om langt betre tilbod enn dette, og det vil bli vekta i ein framtidig konkurranse.

Søknadsfrist for ordninga er 14. mai 2021. I denne utlysinga er det sagt noko om vilkår for tildeling. Endelege evalueringskriterier som seier korleis vi vil prioritere søknadane opp mot kvarandre blir vedtatt av hovudutval for næring 28. april 2021. På grunn av korte tidsfristar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet må vi lyse ut midlane før kriteria er vedtekne, slik at kommunane får god nok tid til å jobbe med søknadane. Dei endelege evalueringskriteria vert gjort kjende for kommunane rett etter møtet i hovudutvalet. 

Sjå kriterier, meir informasjon og kontaktpersonar her. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen