(Du er ikke pålogget) 
 

Vanylven - Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter, kap.553.68

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder(koronatilskot)

Om ordninga
Kommunalt- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlar  (ca. 1 MRD NOK) til kommunar som har arbeidsløyse over gjennomstnittet for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg ramma av lokale eller nasjonale smittverntiltak. Vanylven kommune har fått tildelt 285 863 kr.

Formål med ordninga
Tilskotet skal setje kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak

  • Ein skal prioritere lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga som vart tildelt i 2020. Det vert lagt speseiell vekt på negative verknader etter innføring av skjerpa smittevernreglar etter 1.01.2021 og som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smittverntiltak og evt. nedstenging. Også langtidseffektar etter innført smittverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Ein må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Støtta er i hovudsak tenkt nytta til veksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generell kompenasjonsordningar.
  • Støtte vert også vurdert til omstillingstiltak som har utgangspukt i at verksemda er råka av korona-situasjonen og har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

    Målgruppa
    Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder i Vanylven kommune

    Støtteform
    Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn for ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regeleverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.
    Om det vert mange søknader innanfor kriteria, kan det bli gjort ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeølpet.

    Krav til søknad
    Skriv ein kortfatta søknad som inneheld:

  • Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og kontonr.
  • Kva søknaden gjeld
  • Bakgrunnen for at verksemda søker
  • Legg ved dokumentasjon på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere og ev. estimerte kostnader om omstillingstiltak.
  • Verksemda må oppgje anna offentleg stønad motteke siste 3 år.

Søknaden må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel ver så kort og konkret som mogleg.

Søknaden skal registrerast gjennom www.regionalforvaltning.no

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar etter dialog med kvar bedrift. Dialogen med søkjar skjer gjennom Vanylven Utvikling,
tlf. 95 47 04 52, post@vanylvenutvikling.no. Vurdering og søknad blir lagt fram til formannskapet for vedtak.

Søknadsfrist 30. april

Handsaming
Søknadane vert handsama i Vanylven formannskap tysdag  4. mai 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen